- Ja, vi har bygt oss sakte, men sikkert opp. No meinte vi at tida var inne til å vise oss fram på ei messe, og vi valde Småkraftdagane, seier dagleg leiar og eigar Johan Fivelstad i Stranda Energi.
Han kjøpte selskapet i 2001 etter at det tidlegare familieselskapet var omgjort til enkeltmannsforetak og i stor grad satsa på enklare ventilasjonsprodukt.
Fivelstad hadde jobba i Tysnes Møblar, men hadde fatta interesse for ventilasjonsløysingar som hadde lege i ventilasjonsbedrifta på Stranda, men som ikkje hadde vorte vidareutvikla og satsa på.
- I starten var det berre eg som arbeidde i bedrifta. No er vi ti tilsette og målet er vidare vekst, seier Fivelstad.
Leverer til heile landet
Selskapet har spesialutvikla ei rekkje produkt innanfor ventilasjonsområdet, slik som rister, dører med rister, spjeld, filter og ulike styringssystem.
I starten var det i stor grad leveransar til grossistar og entreprenørar. Siste åra har selskapet hatt ei rekkje levaransar til kraftanlegg.
- Vi har fått eit stort oppsving her. Vi leverer til heile landet, og det er også derfor vi no satsar på å vere til stades på Småkraftdagane.
Satsar på Stranda
Selskapet lagar alle produkta sjølve. Alle tilsette er busette på Stranda og i nærområdet.
Fivelstad ønskjer å byggje selskapet vidare.
- Eg er opptatt av at Stranda skal ha eit aktivt og variert næringsliv. Målet er at vi skal vere ein god arbeidsplass i lang tid framover.
Roleg start på 2015
Stranda Ventilasjon hadde i 2013 ei omsetning på 7,8 millionar kroner, og sat att med knappe 0,5 millionar koner på botnlina.
I 2014 nådde selskapet 9,5 millionar kroner i omsetning, og hadde eit driftsresultat på rundt ein million kroner.
- 2015 har starta litt rolegare, spesielt innan bygg og anlegg, men vi håpar at satsinga på Småkraftdagane skal gi oss eit løft, seier Fivelstad.
Målet er at vi skal vere ein god arbeidsplass i lang tid framover
Publisert: 18.03.2015 11:00
Sist oppdatert: 25.02.2026 15:06





