Satsar paa yacht suksess fraa O Ersta
HEIM PÅ SJØEN: Krovel Yachts skal konkurrere i same nisje som mellom andre Grand Banks Yachts og Fleming Yachts, der du bur komfortabel på lange sjøreiser.
Nytt

Satsar på yacht-suksess frå Ørsta

I løpet av to år håpar Erika Krøvel og Knut Steinnes å sjøsette sin første yacht.

14.11.2016
Gjennom firmaet Krovel Yachts satsar dei på å skape ei internasjonal merkevare med sine 60-100 fots yachtar.
Steinnes og Krøvel er medeigarar i transportkasseselskapet Rufo, var partnarar i utestaden Rust i Ørsta og arbeidde tett med Thomas Ryste - mannen bak figuren Kjell "Kjellen" Bigset fram til i ifjor.
No lanserer dei den store draumen - Krovel Yachts - og går inn i ein nisje der mellom andre Grand Banks Yachts og Fleming Yachts er konkurrentane.

Langsiktig mål

Heilt sidan 2007 har det langsiktige målet vore å lansere ein eigen motoryacht, stor, komfortabel, enkel å operere og sjøsikker nok til å segle og bu behageleg i - på lange turar - langs dei fleste av verdas kystliner.
No har det utvikla seg til ein serie modellar som skal byggjast i aluminium. Den minste modellen, på 60 fot, er planlagt for seks personar, med tre dobbeltlugarar.

Eigar er skipper

Krøvel har lagt inn plass til mannskap i båtane, men i utgangspunktet er det ein båt der eigaren sjølv styrer skuta, og skal kunne segle omkring heilt åleine med om det er ønsket.
- Drivkrafta er ei lidenskapeleg jakt på det ultimate, seier Krøvel.
Krøvel, som har hovudansvaret for designet, har eigd båt sidan ho var ti år og budd i båt sidan 2006. Sommar som vinter. Ho har ferdast opp og ned Norskekysten og segla Nord- og Vest-Europa rundt. Den erfaringa er teke med i utforminga av den nye båten. I Nederland fann ho skipsbyggarane som Krovel Yachts satsar på skal bygge båten.

22 millionar, før moms

Prisanslaget for den minste modellen, på 60 fot, er pr. i dag på 22,5 millionar kroner - før moms og andre avgifter. Det betyr at prislappen i Noreg blir i nærleiken av 30 millionar kroner.
- Her snakkar vi om ei kjøpegruppe som ønskjer å betale for denne kvaliteten. Erfarne båtfolk som er bevisste på kva desse kvalitetane er og som jaktar det ultimate verktyet til sine sjøfarande eventyr, seier Krøvel.
Krovel Yachts legg vekt på at båtane skal ha lang levetid og vere attraktive i ettermarknaden.
- Enkelte delar av marknaden etter finanskrisa vert meir formålsretta og reindyrka - og vi kan også vere eit alternativ der kundane ønskar meir fokus på opplevingar, enklare handtering, lavare driftskostnadar - ei generelt betre og grønare langsiktig investering, seier Krøvel.

Bygging i Nederland

Krøvel seier målet er å basere seg på norsk design og norske eller nordiske underleverandørar av material, motorar, propellar, styringssystem og anna utstyr, medan sjølve bygginga skal skje i Nederland.
-Der har dei mest kompetanse innan faget og få kan måle seg med deira kvalitet når det kjem til finish og handverk, seier Krøvel.

Medan konkurrentane byggjer i Asia satsar Krovel Yachts på at smart produksjon og god logistikk, kombinert med kvalitet, skal gjere dei konkurransedyktige også når båt og utstyrt blir bygd i land rundt Nordsjøbassenget.

Opne for investorar

Hittil har Krovel Yacht kunne stått for utviklinga på eiga hand og lagt ned betydelege ressursar i prosjektet. Dei har inngått eit samarbeid med Ålesund Kunnskapspark, og neste steg er å fullføre engineeringarbeidet og starte marknadsføringa.
Alle båtar skal byggast på bestilling, og i utgangspunktet kan dei få finansiert bygginga utan å hente inn meir kapital, men dei er opne for investorar så sant dei også kan bidra med kunnskap.

Publisert: 14.11.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03