Satsar stort innan kjemi
SATSING: John Knutsen har stor tru på satsinga på reingjeringsmiddel i regi av Zewi Chemicals.
Nytt

Satsar stort innan kjemi

Herøy-selskapet Zewo Chemicals med storsatsing på eigenutvikla reingjeringsmiddel.

22.03.2019
- Marknaden er stor, og dette er noko vi verkeleg har stor tru på.
Det seier dagleg leiar John Knutsen i målingsselskapet Westing i Herøy.
Selskapet har starta Zewo Chemicals og saman med nederlandske Tristar International utvikla eit tjuetals ulike produkt for reingjering.
- Tilbakemeldingane frå kundane er gode, seier Knutsen.

Tjørvåg-satsing

No er selskapet klar til å satse i større målestokk, og ønsker også å ha produksjon i Norge.
- Hittil har produkta vorte laga i Nederland, men planen vår og målet vårt å starte produksjon i lokala vi disponerer ved det tidlegare Smedvik-anlegget i Tjørvåg.
Knutsen seier at det ikkje er snakk om ein kjemisk fabrikk i Tjørvåg.
- Nei, vi kjøper inn alle råvarer, men det er her dei ulike stoffa skal blandast saman til ferdige produkt.

Stort spekter

Satsinga er spesielt innretta mot industrien, men ein har også utvikla reine hygieneprodukt, som er retta inn mot fiskerinæring og akvakultur.
Av produkta finn ein blant anna spesialmiddel for fjerning av kalk og rust, spesialmiddel for reingjering av skrog, dekk, lasterom og tankar, samt ekstra sterke middel for ekstra vanskelege reingjeringsjobbar.
Her er også spesialmiddel for ferjevask.

Tru på oppdrett

Knutsen trur på stor suksess i marknaden.
- Berre for å vaske norske bussar går det med 100 millionar kroner i reingjeringsmiddel årleg.
Han har spesielt tru på leveransar til offshore-, fiskeri- og oppdrettsnæringa.
- Blant anna er det stort behov for reingjering av brønnbåt-tankar og andre anlegg for oppdrettsnæringa.

- Effektive og miljøvenlege

Zewo Chemicals har fått støtte frå Innovasjon Norge til utviklinga, og har no fått godkjent produkta for sal.
- Vi har hatt stort fokus på å utvikle effektive reinsemiddel som samstundes er meir miljøvenlege, seier Knutsen.
Han opplyser at ein no er i ferd med å byggje opp ein organisasjon rundt satsinga.
- Det ser lovande ut. Dette kan verte stort.
Blant anna er det stort behov for reingjering av brønnbåt-tankar og andre anlegg for oppdrettsnæringa

Publisert: 22.03.2019 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32