Satsar stort paa reingjeringsmiddel
HERØY: Kjell Johansen Fure er salssjef i Zewo.
Nytt

Satsar stort på reingjeringsmiddel

Herøy-selskapet Zewo har stor tru på å verte ein av dei leiande leverandørane av reingjeringsmiddel på heile kysten.

25.03.2020
- Vi skal vere best på logistikk og kundeservice, og har stor tru på at vi klarer å ta ein solid marknadsposisjon langs heile kysten av Norge.
Det seier salssjef Kjell Johansen Fure i Zewo Chemicals, som held til i Westinghuset på Eggesbønes.

Nederlandsk produksjon

Saman med sine eksisterande kundar, og den nederlandske kjemiprodusenten Tristar International har Herøy-selskapet utvikla eit tjuetals ulike produkt for reingjering.
- Produksjonen skal framleis foregå i Nederland, men vi har utvikla eit eige merkenamn med eigne produkt, seier Johansen Fure.
Han opplyser at ein allereie har lager i Bergen, Florø og Harstad, i tillegg til i Tjørvåg og Eggesbønes i Herøy.
- Vi ser på fleire andre stader å etablere oss på, seier Johansen Fure, som vart tilsett som salssjef ved nyttår.

Nye marknader

Han har bakgrunn som navigatør innan fiskeri, offshore og sist på brønnbåt hos Rostein, samstundes som han har jobba i Metizoft som systemansvarleg for kjemikaliehandtering retta mot den maritime næringa.
- Eg ser verkeleg fram til denne satsinga, og vi er allereie kome godt i gong. Eg ser eit enormt potensiale i kjemisal, både innanfor det godt opparbeidde kundegrunnlaget som Westing har innan verft, fiskeri og brønnbåtar, men også nye marknader som eksempelvis transport.
- Vi ser på leveransar til reingjering av både bussar og lastebilar, seier Johansen Fure.
Hittil har selskapet eit tett samarbeid med målingsleverandøren Westing, med overlappande funksjonar.
No skal det etter kvart byggjast opp eit eige salsapparat gjennom Zewo.
Salssjefen har spesielt sterk tru på hygieneprodukta som er retta mot fiskerinæring og akvakultur.

Publisert: 25.03.2020 08:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54