Satsar stort paa yacht og cruisemarknaden
GJENNOMBROT: Denne Kleven-bygde yachten til New Zealand-milliardæren Graeme Hart opna yachtmarknaden for designselskapet Marin Teknikk. No vert Marin Teknikk kontakta av andre reiarar som vil at selskapet skal teikne deira yachtar, i tillegg at det vert satsa på cruiseskip for 80 til 150 passasjerar.
Nytt

Satsar stort på yacht- og cruisemarknaden

Dei sit i Myrvåg i Herøy og teiknar luksusyachtar for milliardærar i Asia og Europa. No satsar Marin Teknikk på mindre cruiseskip tilpassa dei reiselystne.

09.03.2015
- Ja, dette er ikkje båtar som skal liggje i Monaco og vise seg fram for folk på land. Dette er båtar som vert bygde for at folket om bord i båtane skal få seg opplevingar.
Det seier Marin Teknikk-direktør Svein Rune Gjerde.
Marin Teknikk jobbar med fire-fem konkrete luksusyacht-prosjekt etter at selskapet fekk oppdraget med å designe to luksusyachtar til New Zealand-millardæren Grame Hart.

Den første på 106 meter, skal leverast frå Kleven i UIstein i juli i år. Den andre på 116 meter skal vere ferdig i august-september 2016.
- Desse kontraktane opna luksusyacht-marknaden for oss, seier Gjerde.

Verft reknar på nye yachtar

Selskapet har no vorte kontakta av ei rekkje aktørar som vil at Herøy-selskapet skal teikne deira luksusyachtar.
- Ja, to av prosjekta har komne så langt at vi har dei ute til prising hos fleire verft, seier Gjerde.
Kleven er eitt av dei norske verfta som er med i konkurransen, men det vert også sett på verft i andre land.
- I første rekkje er det aktuelt med Spania, Tyrkia og kanskje også Tyskland. Uansett er no norske verft konkurransedyktige på denne typen skip, seier Gjerde.

Likte offshoreløysingane

Kontakten med Graeme Hart og hans folk skjedde nokså tilfeldig.
Hart, som er rekna som den rikaste på New Zealand, var ute etter eit skrog til ein yacht etter at arbeidet med ein yacht han hadde under bygging i Chile. På grunn av problem ved verftet hadde prosjektet stoppa opp.
- Vi hadde eit skrog av vårt design liggjande i Spania. Dette skroget såg Hart på, og han likte det han såg, seier Gjerde.
I staden for luksusyachtar i den aller øverste prisklasse med polerte skrog, var Hart ute etter ein båt han kunne bruke til ekspedisjonar og ferdast i farvatn som ikkje er av dei mest vanlege i luksusyacht-segmentet.
- Dette er litt røffare båtar tilpassa opplevingar. Mykje av ideane er henta frå offshoresegmentet.
At det vart endå eit Marin Teknikk-teikna og Kleven-bygd skip har Hart gitt kona æra – eller skulda – for.

Lova kona stor nok båt

Svein Rune Gjerde seier at første gongen kona Robyn var med Hart på sjøtur, så hadde han ein 40 fots båt. Ho vart då svært sjøsjuk.
- Han lova at for ettertida skulle han byggje så stor båt at ho aldri meir vart sjøsjuk.
Hart held tydelegvis lovnader, når han bestiller båt nummer to frå Kleven, ein båt som er ni meter lenger enn den første Kleven-båten.

Plass til tjue

Gjerde seier at båtane i stor grad er identiske, med unntak av at den andre er litt større.
- Største skilnaden er nok at det båt nummer to er det sengeplassar til tjue om bord, medan det på første er plass til berre 12. I tillegg er det ein del rom som er litt større.
Gjerde reknar med at det vert landa nye yacht-kontraktar snart.
- Ja, det ser lovande ut for fleire av prosjekta.

70 til 110 meter lange cruiseskip

Men selskapet satsar også stort mot mindre cruiseskip for 80-150 passasjerar. Dette er skip frå 70 og opp til 110 meter.
- Vi har utvikla fleire ulike konsept, og allereie fått ein viss respons, seier Gjerde.
På same måten som yachtane til Graeme Hart, er dette cruiseskip som er tilpassa opplevingsturar.
- Ja, dette er båtar som skal kunne gå både til aust-Grønland, Antarktis og Arktis.

Stor marknad

Gjerde seier at det finst ein god del selskap som allereie satsar på denne typen turisme med mindre cruiseskip, men at mange av båtane er gamle og i dårleg stand.
- Det er ein stor marknad for opplevingsturar, og vi har stor tru på at det er interesse for å satse på nye og spesialtilpassa båtar.
Dette er mindre cruiseskip, men likevel like store som dei største hurtigrutene.
- Det vert dei aller fleste crusefasilitetar om bord. Lugarane vert frå 25 til 40 kvadratmeter store, seier Gjerde.

Kan byggjast i Norge

Han meiner at norske verft er aktuelle for å byggje denne typen båtar.
- Ja, dette bør vere interessant for både norske verft og norske reiarar, men så langt er det i hovudsak reiarar i Austen og USA som har vist mest interesse.
Ja, to av prosjekta har komne så langt at vi har dei ute til prising hos fleire verft

Publisert: 09.03.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43