Satsar stort paa oekologisk skotsk laks
LAKS: Ove Thu og Villa Seafood Group har stor tru på økologisk oppdretta laks her ved Skye på den skotske vestkysten.
Nytt

Satsar stort på økologisk skotsk laks

Ålesund-baserte Villa Seafood ser fram til å starte salet av økologisk produsert skotsk laks.

07.05.2020
- Ja, dette er noko vi har stor tru på. Faktisk er dette første nye oppdrettsselskapet som er etablert i Skottland på 30 år.
Det seier konsernsjef Ove Thu i Villa Seafood Group.
Valderøyingen er no også dagleg leiar i skotske Organic Sea Harvest, sjølv om Villa Seafood Group berre eig 25 prosent av det skotske selskapet.
- Eg har trass alt vore bort i dette før, og eg sa ja til å ta leiarjobben i ein oppbyggingsfase, seier Thu, som blant anna har bakgrunn frå Pan Fish, Salmar og gamle Villa Organic før selskapet vart splitta opp.

Korona stoppa feiringa

Det skotske selskapet har fått godkjent to lokalitetar på Skye på vestkysten, kvar lokalitet er på 2.500 tonn mtb, og har inne søknader om ytterlegare to lokalitetar.
Nyleg vart første smolten sett ut, men på grunn av korona og reiserestriksjonar måtte Thu halde seg heime.
- Planen var at eg skulle sitje om bord i brønnbåten og feire milepælen med eit glas champagne, men i staden sat eg heime i Ålesund og måtte nøye meg med nokre bilder eg fekk på Whatpsapp utpå kvelden.

Vil vere marknadsleiande

Om vel eit år skal den første skotske laksen slaktast, og det er dei ti tilsette i Villa Seafood i Ålesund som skal stå for sal og marknadsføring.
- Vi har stor tru på dette produktet, og vil også gi oss som selskap ein stor omsetninsgvekst.
- Målet er at vi skal vere marknadsleiande på økologisk laks.
Totalt omsatte Villa Seafood sjømat for 596,1 millioner kroner i 2019, opp fra 557,7 millioner året før.
Resultatet før skatt endte på 9,0 millioner kroner, mot 7,4 millioner kroner i 2018.
- Det har vore to bra år etter at vi har gjort store investeringar både på Senja og i Skottland. Sånn sett kunne vi godt tatt oss ein liten vekstpause no, i alle fall ifølgje min styreformann, seier Thu.

Satsar i Senja

Blant investeringane er ei modernisering av lakseforedelingsbedrifta Arctic Filet i Senja, der Villa Seafood eig 33,39 prosent.
Her er det satsa stort på heilautomatiserte produksjonslinjer, og den eine linja skal straks vere klar til å takast i bruk.
- I tillegg har vi investert i eit unikt fryseri som gir frosne produkt av svært høg kvalitet.
Thu seier at også her har det vore koronaproblem, i tillegg til at det vart smått med laks tilgjengeleg då samarbeidspartnaren Wilsgård Fiskeoppdrett fekk påvist ILA.
- Dette har påvirka resultata ved Arctic Filet, men vi har stor tru på framtida og produkta, seier Thu.

Mest fokus på oppturane

Han opplyser at produkta har blitt godt mottatt av kundane.
- Det er slik i denne bransjen at folk gjerne får høyre om dei store oppturane, medan det er lite fokus på nedturane.
- Sjølv om den nye produksjonslinja skal starte no, og sjølv om vi dermed skal spare store kostnader, vil eg slett ikkje verte overraska om det likevel vil ta tid før alt er i orden.
Thu seier også at det ikkje er enkelt å konkurrere med dei fullintegrerte selskapa, som bearbeider sin eigen fisk, spesielt med dagens lakseprisar.
- Samstundes er det inspirerande å konkurrere mot dei store aktørane, og snart får vi også eigen fisk å selje.

Også kvitfisk

Ove Thu har vore dagleg leiar også ved Senja-anlegget, før Håkon Storeng overtok sist haust.
I tillegg til heile laksesider, singelpakningar og porsjonspakningar med laks, sel Villa også ein del kvitfisk.
- Eg kjem frå ei fiskarfamilie på Valderøya, og kvitfisk har alltid interessert meg. Vi har også kjøparar til fiskeprodukta, og det er derfor naturleg at vi også er involverte i anna sjømat enn laks.

Ny dagleg leiar

Sjølv om Thu dreg i mange av trådane, overtok sist haust Marie Luise Lassesen som dagleg leiar ved Villa Seafood i Ålesund. Ho har bakgrunn frå Nordlaks, Norway Seafood og Salmar.
- Vi har fått på plass eit godt lag, der eg mest spelar libero, seier Thu.
Han eig sjølv 57,3 prosent av Villa Seafood group Totalt er det ni aksjonærar, derav fleire tilsette i selskapet.
Målet er at vi skal vere marknadsleiande på økologisk laks

Publisert: 07.05.2020 05:55

Sist oppdatert: 18.03.2021 11:09