Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
Christer Valderhaug. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Satsar vidare på legemiddelutvikling

Arctic Bioscience leitar etter partnarar.

28.08.2025

Arctic Bioscience i Hovedbygda i Ørsta starta som eit helsekostselskap med produkt basert på silderogn, men har dei siste åra satsa stort på å utvikle og få legemiddelgodkjent eit produkt mot hudsjukdomen psoriasis, også det basert på silderogn.

Sjå resultatpresentasjon direkte frå klokka 11:00 eller i opptak seinare

Eit eittårig internasjonal studie som vart avslutta tidlegare i år gav ikkje dei svara det børsnoterte selskapet og investorane hadde håpa på. Hovudproblemet er at mange av testpersonane som berre fekk narremiddel også viste gode resultat av behandlinga. Resultata av studien var likevel så oppmuntrande at selskapet går vidare med legemiddelsatsinga, men då i samarbeid med ein partnar for å finansiere vidare satsing.

«Vi ser et sterkt rasjonale ved videre utvikling av HRO350 (psoriasismiddelet, red. merk), inkludert det fremtidige kommersielle potensialet. Primærfokuset fremover vil være å fortsette arbeidet med å sikre potensielle partnere for videre utvikling. Slike prosesser tar imidlertid tid», seier dagleg leiar Christer L. Valderhaug i Arctic Bioscience i ei børsmelding. 

Helsekostinntekt
Per i dag er det helsekostprodukt som er den viktige inntektskjelda for selskapet. I juni lanserte selskapet også sitt første hudpleieprodukt. 

I august sende selskapet ut eit melding om positive resultat frå grønn stær-pasientar som hadde testa eit produkt frå selskapet.

Nordvestlandske eigarar
Aksjonærlista til Arctic Bioscience  per 1. halvår er dominert av investorar med adresse på Nordvestlandet. 

Halsebakkfamilien selskap Ronja Capital er størst med 11,5 prosent eigarandel. Nest størst er Capra Invest med styreleiar Harald Nordal som medeigar. Capra Invest eig 5,75 prosent

Møre og Romsdal Fylkeskommune eig 4,89 prosent.

På eigarsida er også Jan Endre, Sindre og Ingvild Vartdal, Frode Håkon Kjøås, Asbjørn Solevågseide, Peder Stette og Jan Remmereit og familien. 

Arctic Bioscience as  
1. halvår. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt18,717,2
Driftsresultat-16,2-24,2
Resultat før skatt-18,9-23,5

Publisert: 28.08.2025 08:38

Sist oppdatert: 28.08.2025 08:38

Mer om