Nytt
Seier nei til denne slaktebåten
Nærings- og fiskeridepartementet har avslått søknaden om at slaktebåten «Norwegian Gannet» skal få levera produksjonsfisk i Danmark.
12.12.2018
NPK: Det er kvalitetsforskrifta til Mattilsynet som stoppar slaktebåten. Forskrifta slår fast at ingen produksjonsfisk, det vil seie tredje sortering og fisk med synlege skavankar, skal sendast ut av landet, skriv .
Saka har vore gjennom fleire forvaltingsorgan før Nærings- og fiskeridepartementet no har sagt nei. Departementet vil ikkje gi dispensasjon frå forskrifta.
Selskapet Hav Line Gruppen har klaga inn avgjerda.
– Den er overmoden for revisjon, seier administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i selskapet med hovudkontor i Bergen til avisa.
Skipet er kontroversielt fordi enkelte aktørar fryktar at det vil trua norske industriarbeidsplassar på land. Prosjektet har fått offentleg støtte frå Enova, Kystverket og fleire fylkeskommunar.
Arnesen peikar på at det sidan 2010 har vore kontakt med styresmaktene, og at det i 2016 blei gitt signal om at det ikkje var noko i vegen for at prosjektet skulle gjera oppdrettsbransjen meir effektiv.
Næringsorganisasjonen Sjømatbedriftene er på si side glad for fiskeriministeren har avslått søknaden til «Norwegian Gannet», og at han stoppar Mattilsynet frå å tillate eksport av produksjonsfisk.
– Me var tidleg på banen i haust og åtvara mot at meir og meir produksjonsfisk skulle fraktast ut av landet, og trudde saka var på plass då.
- Me er opptatt av at mest mogleg fisk skal vidareforedlast i Noreg for å skapa større verdiar i Noreg, seier administrerande direktør Robert Eriksson i Sjømatbedriftene til .
Saka har vore gjennom fleire forvaltingsorgan før Nærings- og fiskeridepartementet no har sagt nei. Departementet vil ikkje gi dispensasjon frå forskrifta.
Selskapet Hav Line Gruppen har klaga inn avgjerda.
– Den er overmoden for revisjon, seier administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i selskapet med hovudkontor i Bergen til avisa.
Frykt for industriarbeidsplassar
Skipet er bygd for at bløgging og sløying skal skje om bord. Målet er at fisken skal komma raskare ut på marknaden enn ved vanleg slaktemetode der fisken blir frakta med lastebil.Skipet er kontroversielt fordi enkelte aktørar fryktar at det vil trua norske industriarbeidsplassar på land. Prosjektet har fått offentleg støtte frå Enova, Kystverket og fleire fylkeskommunar.
Arnesen peikar på at det sidan 2010 har vore kontakt med styresmaktene, og at det i 2016 blei gitt signal om at det ikkje var noko i vegen for at prosjektet skulle gjera oppdrettsbransjen meir effektiv.
Næringsorganisasjonen Sjømatbedriftene er på si side glad for fiskeriministeren har avslått søknaden til «Norwegian Gannet», og at han stoppar Mattilsynet frå å tillate eksport av produksjonsfisk.
– Me var tidleg på banen i haust og åtvara mot at meir og meir produksjonsfisk skulle fraktast ut av landet, og trudde saka var på plass då.
- Me er opptatt av at mest mogleg fisk skal vidareforedlast i Noreg for å skapa større verdiar i Noreg, seier administrerande direktør Robert Eriksson i Sjømatbedriftene til .
Publisert: 12.12.2018 13:45
Sist oppdatert: 20.02.2024 08:09