Seier opp avtale med Deep Ocean
LEDIG PÅ MARKNADEN: Etter at avtalen med Deep Ocean seiast opp, er offshoreskipet Havila Phoenix ledig på marknaden. 
Nytt

Seier opp avtale med Deep Ocean

Etter oppturen på børsen for Havila i går, er det nedtur i dag etter at langtidsavtale blir kansellert.

Marius Rosbach
06.01.2021
Havila Shipping har varsla Deep Ocean at dei seier opp avtalen om bruk av skipet Havila Phoenix. Skipet skulle eigentleg vere i arbeid for selskapet til mai 2023.
Skipet har vore i arbeid for Deep Ocean sidan 2013. No blir verken kontrakten fullført, eller opsjonane nytta, og reiarlaget vil tilby skipet for nye oppdrag i marknaden.

Nedtur etter opptur

Dagen i førvegen gjekk aksjen opp etter meldingar om nye kontrakter. Etter å ha starta på drygt tre kroner tidleg torsdag, blei aksjen handla for nær fire kroner i løpet av dagen.
Fredag var oppgangen fordufta, og kursen var ved 10-tida nede i 3,14 øre. Børsverdien på reiarlaget er på nær 75 millionar kroner.

Har fremma krav

Ifølgje fredag er bakgrunnen for kanselleringa at Deep Ocean planlegg å avvikle den engelske delen av verksemda, som også omfattar selskapet som har avtalen med Havila.
Etter at reiarlaget fekk varsel om dette, avslutta Havila Phoenix arbeidet med prosjektet. Sidan har ikkje Havila fått noko meir informasjon om bruk av fartøyet. Difor meiner reiarlaget i Herøy at kontrakten er brote.
Havila har også fremma fram til morselskapet DeepOcean Group Holding i Nederland.

Les også:





Publisert: 06.01.2021 13:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08