Den statlege lånegarantien er på til saman 6 milliardar kroner. 3 milliardar kroner er øyremerka Norwegian, 1,5 milliardar mot SAS og 1,5 milliardar mot Widerøe og andre flyselskap.
Garantiordningen blir organisert gjennom Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK). Staten garanterer for 90 prosent av låna, så sant bankar, kredittinstitusjonar eller andre kommersielle motpartar låner flyselskapa dei resterande 10 prosent.
Regjeringa stiller og eit krav om minst åtte prosent eigenkapitalandel. Det oppfyller ikkje Norwegian og Norwegian må difor innfri fleire andre krav for å få nyte godt av garantien.
Norwegian får først ein garanti for lån på inntil 300 millionar kroner.
1,2 milliardar kroner til blir stilt som garanti dersom Norwegian får dei finansielle kreditorene med på å fråfalle renter og utsette avdrag i tre månader. Resten av garantien, 1,5 milliardar kroner, blir stilt til rådvelde når Norwegian oppfyller eigenkapitalkravet. Det betyr at selskapet sannsynlegvis må hente inn meir eigenkapital.
Det er regjeringspartia, og Sp, Ap og Frp, som står bak framlegget. Dei er også samde om å sikre eit minimumsnivå i flytilbodet i Norge under koronakrisa.
Her er tiltaka som tidlegare er vedtatt for å hjelpe flyselskapa og generelle tiltak som også omfattar flyselskapa:
Fritak frå flypassasjeravgifta frå 1.1.2020Fritak frå dei tre avgiftene til Avinor som til saman utgjer lufthamnavgifteneRedusert moms på transportRedusert arbeidsgivaravgiftUtsett skattEndringar i permitteringsregelverketSikre kompensasjon til Widerøe knytta til statlege anbudsruter i tråd med Stortingets vedtak 19. mars 2020

Publisert: 19.03.2020 20:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54