Sel Artec Aqua
NY EIGAR: Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik har fått nye eigarar i selskapet. Bjørn Finnøy - til høgre - etablerte Artec Aqua saman med Bjørnar Flem og Victor Fiveland i 2002. No blir dei tre grunnleggarane storaksjonærar i Endúr.
Nytt

Sel Artec Aqua

Børsnoterte Endúr blir ny eigar. Betalar 690 millionar kroner.

11.01.2021
Artec Aqua i Ålesund utviklar og byggjer anlegg til oppdrettsnæringa, og har mellom anna oppdraget med å bygge ut Salmon Evolution sitt milliardanlegg for oppdrett av laks på land ved Bud i Romsdal.
No kjøper Endúr i Bergen Artec Aqua frå Artec Holding.

Størst i Endur

Selskapet blei skipa i 2002 av Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland. Gjennom eigne investeringselskaper eig dei ein tredjepart av aksjane i Artec Holding, som eig Artec Aqua.
I følgje børsmeldinga får Finnøy, Flem og Fiveland til saman 345 millionar kroner i kontantvederlag og 345 millioner kroner i Endúr-aksjer, til kurs NOK 1,1861 pr aksje.
Etter handelen er Finnøy, Flem og Fiveland blitt største aksjonærar i Endúr.

Vekst

I 2010 sette Artec Aqua bort lager, produksjon, montasje og seld automasjonsverksemda, og satsa på å vere eit rent utviklings- og prosjektstyringsselskap.
Deretter har det gått oppover, og selskapet er i ferd med å fylle ti nye stillingar for å få unna alle oppdrag.

Byggjer på Bergen Group

Endúr ASA bleia skip i 2019 etter at Bergen Group ASA og Endúr Fabricom slo seg saman.
Endúr ASA har nesten 400 tilsette og ei ordrebok på nesten ein milliard kroner.
Selskapet satsar på tre forretningsområde; havbruk, maritime tenester og energiløysningar.
Målet for er at Endúr skal nå driftsinntekter på to til 2,5 milliardar kroner. Mellom anna gjennom fleire oppkjøp reknar selskapet med å nå det målet allereie i løpet av 2021, ifølgje børsmeldinga.

Les også:


Publisert: 11.01.2021 11:08

Sist oppdatert: 02.05.2022 15:46

Mer om