Sel baat og kvotar for 395 millionar
KJØP OG SAL: Etter å ha kjøpt trålaren Volstad, sel Tore Roaldsnes fiskeriselskap fiskebåten Genesis (biletet)
Nytt

Sel båt og kvotar for 395 millionar

Tore Roaldsnes fiskeriselskap Bluewild sel fiskebåten Genesis.

31.10.2020
Bluewild kjøpet nyleg trålaren Volstad med kvotar, der prisen berre på kvotane til trålaren truleg passerte ein halv milliard kroner. Eit tilsvarande nybygg kostar også over ein halv milliard.

No sel Bluewild den 49 meter lange kystfiskebåten Genesis, med tilhøyrande kvotar, for 395 millionar kroner, skriv selskapet i ei pressemelding.
Kjøpar er selskapet Sørøyfisk as. Sørøyfisk hadde 42 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på ni millionar kroner i 2019. Selskapet har adresse på Ellingsøya og er eigd av dagleg leiar Jim Rune Sørøy.
Bluewild blei oppretta av Tore Roaldsnes etter at Nordic Wildfish blei delt mellom dei tre eigarane. Nordic Wildfish ble verdsett til 1,8 milliardar kroner ved delinga. Tore Roaldsnes sin andel var 35 prosent.
I tillegg til Genesis fekk han med kvotar som opphavleg var knytt til to farty. Han tok også over ein utviklingsavtale med Ulstein Group, om å utvikle eit nytt fiskefarty.
Etter at Genesis har skifta eigar har Bluewild to båtar i fiske, Volstad og Langenes.

Publisert: 31.10.2020 14:05

Sist oppdatert: 17.02.2022 11:20

Mer om