Sel faerre nye bustader i Moere og Romsdal
NOK Å GJERE: Einar Holsvik i Norhus Ørsta fortalde til NETT NO tidlegare i år at bustadbyggarane i Møre og Romsdal har nok å gjere til over sommaren.  
Nytt

Sel færre nye bustader i Møre og Romsdal

Salet går tregare enn i fjor, men det blei sett i gong bygging av langt fleire nye bustader, enn elles i landet.

Marius Rosbach
13.08.2020
Møre og Romsdal skil seg framleis frå resten av landet i marknaden for nye bustader, viser nye tal frå Boligprodusentenes Forening torsdag.
Det er selt 36 prosent færre nye bustader første halvår i år i Møre og Romdal, samanlikna med fjoråret. For heile landet er nedgangen på 22 prosent første halvår.
Samtidig er det sett i gong bygging av 50 prosent fleire nye bustadar i fylket første halvår. Tilsvarande tal for heile landet er ein nedgang på 15 prosent.
Einar Holsvik i Norhus Ørsta i mai at han trudde rekordbra sal i februar, kan vere ein årsak til utviklinga.

Les også:


Fryktar forsterka skilnader

Boligprodusentenes Foreining mener låg bustadbygging på landsbasis har vore med å presse opp prisane på brukte bustader.
Dei er uroa for at det forsterkar skilnader på bustadmarknaden, mellom dei som eig bustad, og dei som ikkje gjer det.
– Får denne utviklinga helde fram, vil det år for år skape sosiale utfordringar som vil belaste kommunane i aukande grad, heiter det i ei pressemelding.

Etterlyser politiske grep

Bransjeorganisasjonen meiner det må takast grep politisk for å sikre at det blir regulert nok nye bustadar. Dei meiner formålsparagrafen i plan- og bygningslova, som seier at ein skal fremme ei utvikling til beste for «den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar», systematisk blir brote.
– Det er på høg tid at bustadforsyning settast på den politiske dagsorden for å sikre nødvendig og berekraftig utvikling, uttalar administrerande direktør Per Jæger i meldinga.
Dei åtvarar mot å stramme inn bustadlånforskrifta og meiner andre verkemiddel må takast i brukt for å sikre nok bustadar.

Les også:




Det er på høg tid at bustadforsyning settast på den politiske dagsorden for å sikre nødvendig og berekraftig utvikling

Publisert: 13.08.2020 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01