Sel seg ut av vindskip selskap
NYE TIDER: Ei skrogform som utnyttar vinden og reduserer drivstoffutgiftene kraftig håpar ingeniør og utvikler Terje Lade blir å se på verdenshava. 
Nytt

Sel seg ut av vindskip-selskap

Oppfinnar Terje Lade sel seg ut av selskapet som skal sette ideen om eit frakteskip drive fram av vinden ut i livet.

12.10.2020

I vinter gjekk skipselektro-selskapet Stadt i Gjerdsvika saman med Høglund Marine i Tønsberg innpå eigarsida i Vindskip as, saman med oppfinnar Terje Lade. No sel Lade sin tredjepart til Høglund Marine, som dermed eig to tredjepartar i selskapet.

Les også: Hallvard Slettevoll satsar på vindskip

Hallvard Slettevoll i Stadt seier til NETT NO at det ikkje er urealistisk at det blir skrive kontrakt om å bygge det 199 meter langt og 49 meter breie bilskipet innan 2021 er omme.

Sparer energi
Ideen til Lade er å få bygd eit skip som populært sagt ser ut som ein flyvenge på høgkant, der heile skroget fungere som eit segl. Skrogforma gjer at skipet kan utnytte vinden til å få framdrift. Skrogforma gir også ekstra framdrift når skipet blir drive fram av elektriske motorar som får straum frå LNG/diesel, sjølv om det er vindstille.

Stadt skal leverer hybrid framdriftstekonologi, Høglund LNG-tankteknologi.

Held på patentet
Endringane på eigarsida betyr ikkje at Lade er ute av prosjektet.

Lade sitt selskap, Lade as, eig patent-rettane til skipet og skal få betalt ein prosent av kontraktsummen per skip som blir bygd.

Lade as blei stifta i 2010.

Les også: Seilskip uten seil


Publisert: 12.10.2020 16:42

Sist oppdatert: 29.07.2021 10:40