Sel til Ekornes for 400 millionar
REVANSJE: I 2001 måtte han forlate Hjellegjerde etter ein hard maktkamp. No sel Nils Gunnar Hjellegjerde sitt nye selskap IMG til Ekornes for 400 millionar kroner.
Nytt

Sel til Ekornes for 400 millionar

Tidlegare Hjellegjerde-sjef Nils Gunnar Hjellegjerde har seld sitt asiatiske møbelselskap til Ekornes for rundt 400 millionar kroner. Ekornes fastslår at Stressless ikkje vert utflytta.

18.02.2015
Dette opplyser Ekornes i ei måndag.
I tillegg dei knappe 400 millionar kroner i første vederlag for salet av IMG (Internasjonal Møbel Gruppe), kan Nils Gunnar Hjellegjerde og hans partnarar i IMG innkassere ytterlegare 150 millionar kroner etter tre år gjennom ein tilleggsavtale som det er knytt bestemte vilkår til.
Etter det NETT NO kjenner til, eig Nils Gunnar Hjellegjerde 60-70 prosent av IMG-systemet.
Hjellegjerde vil i minimum tre år bistå med produkt- og forretningsutvikling for Ekornes gjennom ein avtale som kan forlengast om partane ønskjer det.

Thailand-basert

Hjellegjerde vil ikkje flytte tilbake til Norge, men ha sin base i Thailand, der han har budd dei siste ti åra.
IMG består av tre fabrikkar i Asia og eit internasjonalt fotfeste for kvilestolar og sofagrupper i Asia. Selskapet har Hjellegjerde bygt opp sidan 2006, etter at han i 2001 hoppa av den norske møbelscena etter ein hard maktkamp i Hjellegjerde.

Solid revansje

Salet av IMG til Ekornes er dermed ein solid revansje for Hjellegjerde.
Les meir .
I ei pressemelding måndag seier Ekornes-sjef Nils-Fredrik Drabløs seg glad for at ein har lukkast å få til ein avtale med Nils Gunnar Hjellegjerde, ein avtale som er godkjent av styra i begge selskapa.

Ser på synergiar

Drabløs legg vekt på at avtalen fører til at Ekornes styrkar sin posisjon i den internasjonale møbelmarknaden med prisgunstige prisar, samstundes som at begge partar har mykje å tilføre kvarandre.
- Sjølv om kjøpet står på eigne bein, ser ein i tillegg mulegheiter for både inntekts- og kostnadssynergiar, seier Drabløs.
IMG vil inngå som eit eige forretningsområde i Ekornes og skal fortsette som eit heilegd sjølvstendig underkonsern med eiga leiing, produkt, merker, produksjonsapparat, produktutvikling og marknadsføring.

Ingen utflyttingsplanar for Stressless

Ekornes fastslår at oppkjøpet ikkje fører til noko endring for Stressless-produkta.
- Produksjonen av Stressless-produkta er basert på eit høgteknologi-miljø, og det er uaktuelt å flytte denne produksjonen ut av Norge. Satsinga på teknologiutvikling og produktivitetsauke i Sykkylven forblir like sterkt som tidlegare, fastslår Ekornes i børsmeldinga.
Avtalen går ut på at Ekornes overtek IMG sin eigenkapital med verknad frå 1. januar i år, medan forventa gjennomføring av kjøpet først vil skje frå 31. oktober i år. Drifta i IMG vil frå og med 4. kvartal 2014 konsoliderast inn i Ekornes.
Satsinga på teknologiutvikling og produktivitetsauke i Sykkylven forblir like sterkt som tidlegare

Publisert: 18.02.2015 19:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36