Legene 5 7 Volda foto Eiendoms Megler 1 Midt Norge Næring
MANGE OM BEINET: Dei to bygga til Helse Møre og Romsdal omfatter tilsaman 34 leilegheiter. 11 moglege kjøparar var på visning. Foto: EiendomsMegler 1 Midt-Norge - Næring
Nytt

Seld for 50 prosent over takst

Helse Møre og Romsdal trudde foretaket skulle få 14 millionar kroner for desse bygga. Fekk over 21 millionar.

07.07.2021

- Den overraska meg stort, seier eigedomsmeklar Bjørn-Erik Fosseide i Eiendomsmekler1 om prisen.

Et eine bygget rommar 16 leilegheiter, det andre 18. Leigetakarane er i stor grad tilsette på Volda Sjukehus, som ligg like ved. Årlege leigeinntekter med dagens standard på bygget var anslått til to millionar kroner i salsannonsen.

11 kjøparar
Bygga sto ferdig i 1971 og 1972 og behovet for oppussing gjorde at meklar, takstmann og eigaren Helse Møre og Romsdal kom til at 14 millionar kroner var ein sannsynleg verdi.
Den vurderinga viste seg å vere godt under kva kjøparane ville legge på bordet.

Fosseide seier han hadde 20 personar på visning, som representerte tilsaman 11 moglege kjøparar. Første bod var på prisantydning, 14 millionar kroner, men det stoppa ikkje før prisen hadde passert 21 millionar.

Gradvis oppusssing
Fosseide vil ikkje oppgi kven som var kjøpar ut over å seie at det er eit firma.

Eigarskiftet skjer 1. oktober, og planen til den nye eigaren er ifølgje Fosseide å leige ut leilegheitene som før, og pusse opp gradvis etterkvart som leilegheitene blir ledige, før nye leigetakarar flyttar inn.

Publisert: 07.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 07.07.2021 09:55