Selde datasenter gjekk i studio
KJEM MED PLATE: Etter at Localhost Holding selde seg ut av Lefdal Mine Datacenter tidlegare i år bestilte Localhost Holding-sjef Sindre Kvalheim (til venstre i innfelt bilde) tid i studio og leigde inn toppmusikarar for å realiser draumen om eiga plate. Med seg har har teknisk sjef i Localhost og lydteknikar, Vidar Saltkjel (t.h. i innfelt bilde). Begge to er medeigarar i Localhost Holding. Innspelinga blir filma  og kjem ut på sosiale media. Det store bildet, frå venstre: Bjørnar Strømsholm med kamera, gitarist Børge Petersen-Øverleir og bassist Jonny Sjo.
Nytt

Selde datasenter - gjekk i studio

Sindre Kvalheim realiserer barndomsdraumen etter salet av Lefdal Mine Datacenter.

23.06.2020
Lefdal Mine Datasenter-medeigar Localhost Holding i Måløy betalar ut 11,65 millionar kroner til aksjonærane sine etter 2019. Litt av dei pengane blir brukt i eit musikkstudio i Asker.
- Då eg var liten skulle eg eigentleg bli musikar, men så droppa eg det og blei it-mann i staden, seier dagleg leiar Sindre Kvalheim i Localhost Holding.
Kvalheim la imidlertid ikkje musikken heilt på hylla, og no blir det plate med 14 melodiar han sjølv har komponert. Det er belønning han gir seg sjølv etter at salet av Lefdal Mine Datacenter - der Kvalheim var styreleiar og medeigar gjennom Localhost Holding - gjekk i boks tidlegare i år.

D'Sound og Kari Bremnes

Måndag og i dag, tysdag 23 juni, har han leigd musikkstudio hos Whiteroom i Asker, med D'Sound-bassist Jonny Sjo, D'Sound-trommeslagar Kim Ofstad og gitarist Børge Petersen-Øverleir (som blant anna har spelt med Kari Bremnes og Bjørn Eidsvåg) til å få spelt inn musikken saman med seg.
Localhost Holding var stor eigar i datasenterselskapet Lefdal Mine Data Center og aksjonærane var pådrivarar for å få bygd datasenteret i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord. Tidlegare i år selde selskapet og andre lokale aksjonærar aksjane sine til "The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" (ESIF), eit fond forvalta av det amerikanske investeringsselskapet Columbia Threadneedle Investments.
Partane har ikkje offentleggjort kjøpesummen.

Teknologi-satsing

Under Localhost Holding-paraplyen er det fleire andre teknologiselskap med adresse og hovudkontor i Måløy.
Mellom andre er it-selskapet Localhost eit datterselskap og Localhost Holding er medeigar i videokonferanseselskapet Videonor.
Utbyttet etter 2019 er det første frå Localhost Holding.

Mest til gründerane

Dei fire som starta Localhost eig til saman 37,1 prosent av Localhost Holding; Sindre Kvalheim (14 prosent), Rune Mykletun (7,7 prosent), Vidar Saltkjel (7,7 prosent) og Vidar Furnes (7,7 prosent).
Største einskildaksjonær er Måløy Eiendomsutvikling, med 23,3 prosent. Det selskapet er eigd 50/50 av Gunnar Carlson og familie og Svein og Kristian Skibenes.
Egil Skibenes og familie eig 15 prosent gjennom selskapet Bard Invest og Coast Invest eig 13 prosent. Coast Invest er eigd av fiskeeksportøren Coast Seafood i Måkøy.

Datasenter-emisjon

I samband med lokale aksjonærar selde seg ut har Lefdal Mine Datacenter - som var den største investeringa Localhost Holding var med på - også henta inn omlag 215 millionar kroner i ei kapitalutviding frå "The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" og det tyske It-infrastrukturselskapet Rittal.
Poenget med kapitalutvidinga er å gjere det råd å finansiere vekst for datasenteret. Går det som eigarane håpar vil datasenteret blir ein av dei største straumkundane i Sogn og Fjordane, med eit forbruk på line med smelteverka i Svelgen og Høyanger.

Då eg var liten skulle eg eigentleg bli musikar, men så droppa eg det og blei it-mann i staden

Publisert: 23.06.2020 11:15

Sist oppdatert: 12.06.2022 13:57

Mer om