Selde domene for ti millionar
BY.COM: Slik reklamerte Ålesund-selskapet Intrahouse for domenet by.com. No er domenet seld til rekordsum.
Nytt

Selde domene for ti millionar

André Eidskrem har seld domenet by.com for rundt ti millionar kroner til ein kinesisk kjøpar.

22.06.2016
For 20 år sidan kjøpte 46-åringen frå Ålesund domenenamnet for 33.000 kroner. No er han sikra solid milliongevinst.
Det skriv VG tysdag.
– Far min sa at han skulle feire med eit glas vin i kveld. Så det blir vel slik. Vi er nøkterne, vi sunnmøringar, seier Eidskrem til VG.
Ifølgje er domenet no registrert på firmaet Hangzhou Midaizi Network i Hangzhou i Kina.

Sa nei til åtte milliionar

Tidlegare i år sa Eidskrem nei til eit bod på 900.000 dollar, nesten 8 millionar kroner, for domenet by.com etter ein auksjon i Las Vegas..
– Det gjekk frå 650.000 dollar oppover til rundt 900.000, og så stoppa det. Då går det vidare til ein tidagarsauksjon etterpå, sa Eidskrem til då.
Eidskrem er dagleg leiar og største eigar i IT-selskapet i Ålesund, med 6,7 millionar kroner i driftsinntekter og 2,7 millionar kroner i resultat før skatt i 2014.
Intrahouse eig dotterselskapet Intraspider. Det selskapet hadde 1,6 millionar kroner i underskot i 2014.
Tala for 2015 er ikkje klare.

Publisert: 22.06.2016 08:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58