Sjokolademakar mest populaer i Geiranger
I PLUSS: Bengt Gøsta Dahlberg i Geiranger Sjokolade betre lønsemda sjølv om inntektene fall i fjor. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Selde mindre, tente meir

Før korona hadde Bengt Gøsta Dahlberg i Geiranger Sjokolade tre heilårstilsette. No er det berre han.

28.09.2021

Sjokolademakaren i Geiranger snudde minus til pluss i koronaåret 2020. Han reknar med overskot også i år, trass i nytt fall i salet.

Bengt Gøsta Dahlberg etablerte Geiranger Sjokolade i 2010. Driftsinntektene auka relativt stabilt år for år, og både i 2018 og 2019 hadde selskapet over 4,6 millionar kroner i driftsinntekter.

Dahlberg har også markert selskapet i konkurransen om merksemda til cruiseturistane, som vanlegvis utgjer ei stor gruppe i Geiranger i høgsesongen.

Færre folk i juli
For Geiranger Sjokolade blei ein konsekvens av koronaepidemien at Dahlberg gjekk ned frå tre til ein heilårstilsett, han sjølv. Lønskostnadane vart redusert med nesten ein million kroner i 2020 samanlikna med 2019, og det er hovudforklaringa på den betra lønsemda (sjå tabell).

I år kom butikken i gang først i slutten av juni, på grunn av smittevernrestriksjonar. I juli var det merkbart færre nordmenn i Geiranger enn i juli 2020, som var ein rekordmånad. August i år blei omlag som i fjor, og september er klart betre, mellom anna fordi dei første cruiseskipa har kome tilbake.

I år sommar opna Geiranger Sjokolade også ein "pop-up butikk" ved ferjekaia i Eidsdal. Det blir det også neste sommar, og med fleire turistar ventar selskapet auka inntekter frå den butikken.

Når 2021 er omme ventar Dahlberg ein nedgang i driftsinntekter til Geiranger Sjokolade samanlikna med i i fjor, men framleis plussresultat.

Meir sommar
Erfaringane til Dahlberg er at det har vore vanskeleg å få lønsemd utanom sommarsesongen.

Han meiner koronakrisa tvinga bedriftene til meir medvitne val og prioriteringar om korleis dei skal drive, og kjem sjølv til å trappe ned på produksjonen utanom turistsesongen. Mellom anna blir det mindre produksjon fram mot jul enn tidlegare.

Geiranger Sjokolade as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter3,84,6
Driftsresultat0,7-0,3
Resultat før skatt0,8-0,3

Publisert: 28.09.2021 15:02

Sist oppdatert: 28.09.2021 15:02

Mer om