Nytt
Selstad inn i Fosnot
Kjøper ut største aksjonær.
08.05.2020
Fiskeustyrskonsernet Selstad i Måløy kjøper Kjell Nørvåg sin post på 36 prosent i notprodusenten Fosnot i Herøy.
Kjøpet er også starten på eit tettare samarbeid mellom dei to selskapa.
Fosnot sitt viktigaste produkt er snurpenøter. Selskapet tilbyr og notservice og lagring, i tillegg til flåteservice og butikk.
- Det er mange om beinet. Alle vil vekse og ta auka marknadsandelar, sa Selstad.
Vurderinga til Selstad blei delt av Mørenot-sjef Arne Birkeland, som rekna med at konsolideringa i bransjen ville halde fram.
- Vi er blant dei siste små bøteria, seier han.
Gjennom samarbeidet med Selstad håpar han på innpass i nye markndar og vekst.
Saman med fiskebåtreiarlaget Ervik & Sævik kjøpte Fosnot tomt på Mjølstadneset i Herøy, og planlegg ei utbygging der. Mangel på plass i dagens anlegg er ein flaskehals for selskapet, i følgje Nørvåg.
Kjøpet er også starten på eit tettare samarbeid mellom dei to selskapa.
Fosnot sitt viktigaste produkt er snurpenøter. Selskapet tilbyr og notservice og lagring, i tillegg til flåteservice og butikk.
Konsolidering
Selstad-sjef Hans Petter Selstad skildra ein tøff marknad for utstyrsleverandørane til fiskeri- og oppdrett då NETT NO snakka med han under oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim i august 2019.- Det er mange om beinet. Alle vil vekse og ta auka marknadsandelar, sa Selstad.
Vurderinga til Selstad blei delt av Mørenot-sjef Arne Birkeland, som rekna med at konsolideringa i bransjen ville halde fram.
Vil vekse
Også dagleg leiar og medeigar Martin Nørvåg trur på konsolidering. I tillegg til Selstadkonsernet eig Nørvåg Fosnot saman med Tor og Geir Audun Frantsen.- Vi er blant dei siste små bøteria, seier han.
Gjennom samarbeidet med Selstad håpar han på innpass i nye markndar og vekst.
Saman med fiskebåtreiarlaget Ervik & Sævik kjøpte Fosnot tomt på Mjølstadneset i Herøy, og planlegg ei utbygging der. Mangel på plass i dagens anlegg er ein flaskehals for selskapet, i følgje Nørvåg.
Publisert: 08.05.2020 11:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57