Nytt
Selstad vil halde på familieeigarskapen
God tider i fiskeri og og oppdrett gir kraftig vekst for Selstadkonsernet. Takkar nei til friarar.
01.07.2018
Frå 2016 til 2017 auka driftsinntektene i Selstad med 50 millionar kroner. Veksten held fram i år.
- Vi budsjetterer med ein auke på 50 millionar kroner til, og det ligg vi godt an til å klare, seier Selstad-sjef Hans-Petter Selstad.
Det betyr i så fall ein vekst på over 30 prosent på to år.
Inntektene fordeler seg cirka 50/50 frå oppdrett og fiskeri, to næringar med god lønsemd.
- Dei gjer det godt for tida og i og med at dei tener pengar så investerer dei og, seier Selstad.
Også Selstad-konsernet har hatt moglege kjøparar på døra.
- Det er dei som har ringt til oss, seier Selstad.
Svaret har vore nei.
- Vi trur at vi skal fortsette som familieselskap, seier Selstad.
Selskapet har sju eigarar som eig aksjane sine gjennom eigne investeringsselskap. Hans-Petter Selstad er største aksjonær, med 30 prosent av aksjane.
I 2017 gjekk lønsemda, mål i resultat før skatt i prosent av driftsinntektene, litt ned for Selstad as.
-Det å oppretthalde lønsemda er veldig utfordrande, seier Selstad.
- Vi budsjetterer med ein auke på 50 millionar kroner til, og det ligg vi godt an til å klare, seier Selstad-sjef Hans-Petter Selstad.
Det betyr i så fall ein vekst på over 30 prosent på to år.
Gode tider for kundane
Selstad as er det viktigast selskapet i konsernet (sjå tabell), som lagar garn, nøter og anna utstyr til fiskeri- og oppdrett i tillegg til å ha ei rekkje servicestasjonar langs kysten. Den siste som blei etablert ligg i Sunnhordland.Inntektene fordeler seg cirka 50/50 frå oppdrett og fiskeri, to næringar med god lønsemd.
- Dei gjer det godt for tida og i og med at dei tener pengar så investerer dei og, seier Selstad.
Friarar på døra
Tidlegare i år kjøpte investeringsfondet FSN Capital konkurrenten Mørenot, i konkurransen med ein annan islandske Hampidjan, som og er ein stor aktør i bransjen. Kjøpet blei grunngjeve med ei ønskje om å få til ei konsolidering i bransjen.Også Selstad-konsernet har hatt moglege kjøparar på døra.
- Det er dei som har ringt til oss, seier Selstad.
Svaret har vore nei.
- Vi trur at vi skal fortsette som familieselskap, seier Selstad.
Selskapet har sju eigarar som eig aksjane sine gjennom eigne investeringsselskap. Hans-Petter Selstad er største aksjonær, med 30 prosent av aksjane.
Pressa lønsend
2017-tala for alle selskap i bransjen er ikke offentlege enno, men i 2016 var det Selstad, Egersund Net og Egersund Trål som var dei mest lønsame.I 2017 gjekk lønsemda, mål i resultat før skatt i prosent av driftsinntektene, litt ned for Selstad as.
-Det å oppretthalde lønsemda er veldig utfordrande, seier Selstad.
Det er dei som har ringt til oss
Publisert: 01.07.2018 06:00
Sist oppdatert: 01.03.2021 14:15