Sender naudstraumsaggregat til Ukraina
Mørenett er med i dugnad for å hjelpe Ukraina med straumforsyninga.
Rundt halvparten av ukrainsk energiinfrastruktur er øydelagd av russiske missilar og dronar. No ønskjer Mørenett å hjelpe Ukraina med materiell og utstyr for reparasjon og gjenoppbygging av straumnettet, og med utstyr for naudstraumsforsyning.
I ei pressemelding viser Mørenett til at i Noreg samarbeidar NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat), bransjeorganisasjonen REN og nettselskapa om å samle inn og transportere aktuelt utstyr.
Forsyner 30 husstandar
Mørenett deltek i dette samarbeidet, og i første omgang blir det sendt naudstraumsaggregat.
- Transporten startar 2. desember og vi håpar at utstyret kjem raskt på plass og vert til nytte.
- I denne omgang donerer Mørenett eit naudstraumsaggregat på 140 kW. Dette vil kunne forsyne rundt 30 husstandar eller til dømes delar av eit sjukehus med straum, seier Arve Hovdenakk, divisjonssjef montasje i Mørenett.
Vurderer å sende meir
Mørenett vil også vurdere nye sendingar av reparasjonsmateriell og utstyr framover i tid.
- Mørenett sitt bidrag løyser ikkje Ukraina sine utfordringar med kraftforsyning, men ei norsk samarbeidsløysing kan vere til stor nytte inn i ein vinter som ser ut til å bli særs krevjande, seier Hovdenakk.
Publisert: 01.12.2022 14:53
Sist oppdatert: 01.12.2022 14:58