Sender skip i opplag
LEGG SKIP I OPPLAG: Golden Energy Offshore Services-sjef Per Ivar Fagervoll.
Nytt

Sender skip i opplag

Golden Energy Offshore Services legg tre båtar i opplag.

30.04.2020
Energy Duchess, Energy Scout og Energy Empress er lagt i opplag inntil vidare, skriv Golden Energy Offshore Services .
Bakgrunnen for at dei tre plattformforsyningskipa blir lagt i opplag er ein alvorleg nedgang i etterspørselen. Dei par siste månadane har endra utsikten for den komande høgsesongen vesentleg skriv selskapet i børsmeldinga.

Fleire skip i opplag

Tidlegare denne veka skreiv NETT NO at Havila Shipping legg plattformforsyningskipet Havila Borg i opplag.
- Marknaden fall heilt vekk, sa administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping.

Offshoreselskapet DOF har varsla at det vil leggje fleire skip i opplag etter kvart som skipa går av kontrakt. I ei børsmelding viser selskapet til at det bratte oljeprisfallet har ført til redusert leiteaktivitet og det er også enkelte aktørar som er i ferd med å redusere produksjonen.
Medrekna dei tre plattformforsyningskipa til Golden Energy er omlag 15 skip lagt i opplag etter at koronkrisa og oljeprisfallet kom.

Publisert: 30.04.2020 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56