Ida wolden bache norges bank foto nils stian aasheim 1
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache kom med si renteavgjerd torsdag. Foto: Nils Stian Aasheim
Nytt

Sentralbanken set opp renta

Det kan komme endå ei renteheving i år.

Marius Rosbach
07.05.2026

Norges Bank aukar styringsrenta med eit kvart prosentpoeng til 4,25 prosent. Det blei kjent torsdag føremiddag. 

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache peiker på at prisveksten er for høg og har vore over målet i fleire år. Samtidig blir avgjerda støtta av informasjonen som har kome om inflasjonsutsiktene, blir det opplyst i ei pressemelding. 

Sjå pressekonferanse kl. 10.30 (ekstern lenke)

Dei fleste ekspertar anslo før renteavgjerda vart kjend, at sentralbanken kom til å vente med å heve renta til juni. Men fleire påpeika at det varsla rentehoppet kunne komme allereie i mai.

Kan bli nok ei auke i år
USAs og Israels angrep på Iran og den etterfølgjande oljetilbodskrisa, og dessutan at prisveksten her heime har vore høg over lang tid, har ført til at ekspertane har snudd på tidlegare anslag om fleire rentekutte i år.

Tvert imot ventar no dei fleste av dei – og Noregs Bank har også signalisert – fleire rentehevingar i år. Det er også bodskapen frå sentralbanksjef torsdag. 

– I renteprognosen vi la fram i mars, opna vi for at det kunne bli behov for å setje renta vidare opp seinare i år. Renteutsiktene synest ikkje å vere vesentleg endra sidan mars, men krigen i Midtausten skaper framleis stor uvisse om dei økonomiske utsiktene, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.

Kjem med ny rentebane i juni
I mars vart det anslått at renta kom til å vere på 4,25 til 4,5 prosent ved utgangen av året. Denne prognosen held framleis stand.

I juni kjem sentralbanken med ny pengepolitisk rapport med oppdatert rentebane og vurdering av utsiktene for norsk økonomi.

Noregs Bank publiserer pengepolitisk rapport med oppdatert rentebane fire gonger i året. I fjor vart renta sett ned to gonger frå 4,5 prosent til 4 prosent.

Saka blir oppdatert 

Publisert: 07.05.2026 10:07

Sist oppdatert: 07.05.2026 10:54

Mer om