Frå 2034 er kravet at kyrne skal kunne gå fritt omkring i fjøsen, såkalla lausdriftfjøs. Kombinert med bruk av robotar som tek seg av mjølkinga auka det både dyrevelferd og produksjonen.
Men det kostar. For ein bonde med 20-25 mjølkekyr er det snakk om ei investering på 10-15 millionar anslår Stig Tryggestad, ansvarleg for utlån til landbruket i Sparebanken Møre.
Det har vore denne gruppa bønder som har vore mest nølande til å ta kostnaden med å bygge om eller nytt for å innfri lausdriftkravet, men no ser Tryggestad auka investeringsinteresse også hos dei.
Ifølgje 2024-tal frå Norges Bondelag er det 295 mjølkebruk med lausdriftfjøs i Møre og Romsdal og 267 bruk der kyrne står på bås. Laudriftsfjøsa er klart størst og leverte 97 millionar liter mjølk i året, medan gardsbruka med kyr på bås leverte 32 millionar liter.
Betre økonomi og stemning
Relativt gode landbrruksoppgjer dei siste åra, trass høg kostnadsauke samstundes, og ein tryggingspolitisk situasjon som har gitt større interesse fro sjølvforsyning og landbruk er medverkande årsak til auka investeringsvilje, etter Tryggestad si vurdering. I tillegg er grensa for kor mykje investeringstøtte bønden kan få frå Innovasjon Noreg meir enn dobla sidan 2020, til inntil fem millionar kroner.
Seniorrådgivar Anne Berit Løset i Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal stadfestar at interessa for å investere i nye eller ombygde fjøs har auka dei siste åra. Allereie no har Innovasjon Noreg i fylket omlag nok søkarar til å bruke heile potten som er fordeling i år.
Frå 2023 kom det ei støtteordning for å finansiere forprosjektering av nye fjøs. Det har også stimulert fleire eigarar av mindre bruk til å investere, etter Løset si vurdering.
Samlar bønder og reiseliv
Fredag 16. januar møtes landbruksbransjen på Ørstakonferansen i Ørsta, der mellom anna tryggleik- og landbrukspolitikk er tema.
Tidlegare har konferansen vore ein konferanse retta mot landbruksnæringa, men i år er konferansen utvida til å også omfatte reiselisvnæringa, der samspelet mellom landbruk og reiseliv er tema.
Publisert: 14.01.2026 12:50
Sist oppdatert: 14.01.2026 12:50






