Fjellstova foto Møremegling 11
TIL SALS: Fjellstova på Ørskogfjellet- eigedomen er omlag 33 mål og omfattar fleire bygningar. Foto: Møremegling
Nytt

Ser etter utanlandske kjøparar

Har trekt Fjellstova på Ørskogfjellet i den norske marknaden.

06.11.2023

Fram til sommaren låg Fjellstova på Ørskogfjellet ut til sals på Finn.no for 7,9 millionar kroner. Då vart annonsen trekt, og eigedomen er no annonsert til sals i Tyskland, Nederland og Belgia i staden, for 950.000 euro. Det tilsvarar 11,2 millionar kroner med dagens kurs.

Interessentar, men ingen som greidde å finansierer kjøpet, seier dagleg leiar Harry Klein Hulse, som har eigd og drive overnatting- og serveringsbedrifta på Ørskogfjellet saman med ektefellen Hilde Wagemaker i snart 19 år.

No prøver dei i den utanlandske marknaden i staden, ut frå ei vurdering om at der er fleire potensielle kjøparar. Noreg har fem millionar innbyggjarar, Nederland, Tyskland og Belgia har over 100 millionar, seier Klein Hulse.

To år
Fjellstova på Ørskogfjellet har vore til sals i to år, og Klein Hulse understrekar at dei ikkje er under tidspress og både driv og arbeider med å vidareutvikle Fjellstova inntil eit sal.

Fjellstova-eigedomen omfattar både restaurant/kafé, rundt 15 campinghytter, leilighet og ladestasjon for elbilar.

På den rundt 33 mål store eigedomen, er det også en oppstillingsplass for bobilar med plass til rundt 50 kjøretøy. Anlegget blei opprinnelig bygd på 1960-tallet, men blant annet sanitærbygget blei oppgradert i 2018.

Minus i fjor

I 2022 hadde selskapet Fjellstova Ørskog Klein Hulse as 5,2 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 24.000 kroner.

I 2021 var driftsinntektene 4,4 millionar kroner og resultatet før skatt minus 0,4 millionar kroner.

I 2019, siste år før koronapandemien, var driftsinntektene også 5,2 millionar kroner og resultatet før skatt 246.000 kroner.

Publisert: 06.11.2023 12:24

Sist oppdatert: 06.11.2023 12:24