Ser lysare paa framtida enn paa lenge
FRAMLEIS VEKST: – At vi skulle bli så store som no, har vore vanskeleg å sjå føre seg. Eg synest det har gått fort, seier hovudtillitsvalt Edvard Lie i Ekornes-konsernet.
Nytt

Ser lysare på framtida enn på lenge

Hovudtillitsvalt Edvar Lie i Ekornes får nye kollegaer omtrent dagleg, og det er slett ikkje slik at dei unge droppar å organisere seg.

Marius Rosbach
01.11.2020

NETT NO har i ein serie intervju møtt tillitsvalte i ulike bransjar for å høyre korleis dei opplever koronakrisa. Har du tips til kven vi bør møte? Send e-post til redaksjon@nett.no - les intervjua under

Edvard Lie har opplevd litt av kvart gjennom sine 36 år som tilsett og tillitsvalt i møbelprodusenten Ekornes. For å beskrive korleis det siste halvåret har vore, må han likevel leite litt etter orda.

– Den dagen i mars gløymer vi ikkje så fort, seier han og tenker på 12. mars då regjeringa stengte ned store delar av samfunnet.

Først fekk dei tilsette permisjonsvarsel, og heile fabrikken stengte ned for ein tidleg påskeferie. I vekene etterpå var det berre arbeid til kring halvparten av dei som jobba hos Norges største møbelprodusent, og Sykkylven var på landstoppen i arbeidsløyse.

– I dag blir det vel to-tre nye
Eit halvår etter koronabremsen er det fullt køyr og kontrasten til ei arbeidsløyse på 1,6 prosent i Nav-tala som kom fredag, kunne knapt ha vore større.

– Like fort som det blei stengt ned, så opna det seg i slutten av mai. Det har vore både rart og uverkeleg. Då det var ein månad til fellesferie hadde vi plutseleg fullt opp å gjere att, fortel Lie då NETT NO møter han den siste arbeidsdagen i veka.

Sidan har oppsvinget heldt fram og dei siste kvartalstala viser ei salsauke frå i fjor.

Stor auke i bemanninga
NETT NO omtala denne veka korleis møbelkonsernet er i ferd med å gjere den største oppbemanninga på fleire tiår. Behovet for nye folk er størst ved fabrikken på Ikornnes. Men også ved Grodås blir det fleire tilsette.

Når Ekornes er ferdig med å dekke behova dei ser i dag, har arbeidstokken auka med fleire enn 100 personar sidan sommaren. Konserndirektøren fortalde denne veka at utfordringa no har blitt å få tak i nok folk. Førebels har ikkje Lie rekt å sette seg ned for å snakke skikkeleg med alle, slik dei pleiar.

– Det er mykje som skjer, ja. Om lag kvar dag organiserer vi nye tilsette. Seinast i går hadde vi to, og i dag blir det vel to-tre nye, fortel hovudtillitsvalt Edvard Lie til NETT NO.

Dei unge vil organisere seg
Utviklinga på medlemsfronten bidreg også til å gjere Lie til ein nøgd mann om dagen.

Han fortel at «organisasjonsgraden er veldig høg», og sjølv om tala på landsbasis viser at færre organiserer seg, opplever han at dei unge hos Ekornes sluttar opp om fagforeiningane.

– Dei unge hos oss er veldig flinke til å organisere seg, og det er berre nokre få unntak. Eg opplever at dei ser verdien av det. Også alle lærlingane våre er organisert, fortel Lie.

Kjenner seg forplikta
Han trur nok nytilsette blir påverka av kulturen ved bedrifta.

– Vi i Ekornes er såpass store at eg meiner vi er forplikta til å ha ei skikkeleg samarbeid. Eg ser at i mindre bedrifter der dei ikkje har ei slik organisering på plass, så er det gjerne stadige konfliktar.

Med 600 organiserte innafor møbel i Industri Energi, har Sykkylven kring halvparten av forbundet sine medlemmar i møbelbransjen. Dei fleste høyrer til Ekornes.

(saka held fram under)

Les også: Største oppbemanning på fleire tiår

Ekornes-oppsving i 3. kvartal

Omstilling skal gjere Sykkylven mindre sårbare

Analyse: Varsko til møbel-klynga på Nordvestlandet

– Har så å seie aldri konfliktar
Den norske arbeidslivet med trepartssamarbeidet blir peika på som avgjerande for at skilnadene her til lands er små i internasjonal målestokk. Men også i Norge fell fleire utanfor arbeidslivet enn før. Lie si erfaring er likevel at modellen står støtt i Ekornes.

– Vi blir iallfall teke på alvor av toppleiinga, har god dialog og har så å seie aldri konfliktar.

Han fortel at døra til direktøren på Stressless-produksjonen alltid er ope for dei tilsette:

– Ved å stikke innom i fem minutt finn vi gjerne ut saman korleis ting kan løysast. Vi er ikkje samde om alt, men pratar med kvarandre – og då er det gjerne å gi og ta, fortel han.

Gjennom krisetida utan «fightar»
Hovudtillitsmannen meiner det gode samarbeidet, kjem ekstra godt til nytte i krisesituasjonar. Som då koronapandemien sette store delar av arbeidsstokken utan jobb frå starten av april.

Konsernsjef Roger Lunde hadde vore i sjefsstolen i berre ein månad då konsekvensane frå pandemien slo til for fullt. Likevel blei ikkje samarbeidet mellom tilsette og leiing stilt på dei støre prøvelsane i krisedagane.

– Vi i organisasjonane forstod godt kva for problem vi stod ovanfor, så det har eigentleg ikkje vore nokre fightar. Det var til dømes ikkje noko alternativ til å permittere på det tidspunktet det blei gjort, meiner han.

Rosar bankane for å stille opp
Målet var heile tida at bedrifta framleis skulle vere levedyktig, også etter pandemien.

Noko av det tøffaste Lie opplevde i denne tida, var møter med kollegaer som hadde trøbbel med å få endane til å møtast. Sjølv om det kom støtteordningar på plass, så fekk dei fleste ikkje betalt ut pengar frå Nav, før dei kom til sommarferien.

Lie fortel at forståing, særleg frå lokale bankar, har vore til god hjelp.

– Det er mange som hadde det tøft, ikkje minst par med barn og gjeld på hus, der begge jobba her. Vi var i kontakt med fleire bankar og dei skal verkeleg ha for at dei stilte opp og hjelpte til.

Har 50 robotar på avdelinga
Den største skilnaden frå då Edvard Lie starta ved Ekornes, er korleis møblane blir laga. Den gong blei alt arbeidet på stålavdelinga gjort manuelt. I dag har avdelinga 50 robotar i sving store delar av døgnet.

– Det kan ikkje samanliknast og ein heilt annan kvardag. I den tida laga vi kanskje 300-400 Stressless-ar per dag. No er vi oppe i 1100 om dagen, fortel han.

Fleire bedrifter i møbelbygda Sykkylven fortel om meir å gjere under koronakrisa. Virke kom denne veka også med tal som viser at møbelsalet har tatt att det tapte - og auka med meir enn 13 prosent så langt i år.

– Ting kan forandre seg fort
Tillitsmannen på Ekornes på peiker at det kan vere lett å sjå optimistisk på framtida når produksjonen går så det susar og gir arbeid til både konkurrentar og ei heile kjede med leverandørar i lokalsamfunnet.

– No har vi de bra, men vi veit kva som har skjedd i løpet av det siste året. Ting kan forandre seg fort. Samtidig er det mange som trur at dette oppsvinget vil halde seg ei stund, legg han til.

Den førre store oppturen Ekornes opplevde ved kring 2008-09. Då var det gode tider og det gjekk 1200 Stressless-ar ut frå fabrikken kvar dag.

– Sidan har det eigentleg gått sakte nedover, heilt til mars i år. Då gjekk det først skikkeleg ned – men etterpå har det berre vore luksus, fortel han.

NETT NO har i ein serie intervju møtt tillitsvalte i ulike bransjar for å høyre korleis dei opplever koronakrisa. Har du tips til kven vi bør møte? Send e-post til redaksjon@nett.no - les intervjua under

Vard-klubbleiar: – Eg håpar at fellesskapet blir større

Scandic Parken: Klubblederen er permittert – men ikke arbeidsledig

Ny leder i Handel og Kontor: Flere er redd for at bedrifter vil utnytte koronakrisa

Ting kan forandre seg fort. Samtidig er det mange som trur at dette oppsvinget vil halde seg ei stund

Publisert: 01.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 04.06.2021 10:24