Ser ut til aa sleppe med verste skrekken
BØRSTAP: Roger Hofseth (t.v.), Per Ivar Fagervoll (midten) og Knut Flakk er alle eigarar i børsnoterte selskap frå Nordvestlandet. 
Nytt

Ser ut til å sleppe med verste skrekken

Børsen stuper, men dei fleste selskapa i nordvest klarer seg hittil bra på ein blodraud børsdag.

09.03.2020
Verdiar for 1,3 milliardar kroner har forsvunne frå dei børsregistrerte selskapa i nordvest etter ein og ein halv time handel på Oslo Børs måndag.
Verst har børsfallet gått ut over oppdrettselskapet Atlantic Sapphire, med eit verdifall på nesten ein milliard kroner. Men framleis er selskapet prisa til sju milliardar kroner.
Også aksjonærane i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions har ein tung dag, der aksjen no er ned 27 prosent til 0,56 kroner aksjen. Det prisar heile selskapet til 32 millionar kroner.
Også aksjonærane i offshoreselskapet Golden Energy Offshore Services må tole at aksjekursen er ned 17 prosent til 2,62 kroner. Dette gir ein verdi på 92 millionar kroner, men i svært liten handel.

Oljestup

Fleire av dei oljerelaterte selskapa stuper i verdi, etter at oljeprisen dundra ned til midt på 30-talet. Blant anna er Havila Shipping ned 13 prosent til 2,51 kroner, noko som prisar heile selskapet til 67 millionar kroner.
For dei andre selskapa er det små utslag, sjølv om både Hexagon Composites, Hofseth Biocare og Fjord1 har ein liten nedgang.
Det har også Havyard Group, men der er det no nesten tomt på kjøparsida.
Eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre starta også ned då børsen opna mandag, men har seinare tatt seg inn att, og er no litt i pluss.

Starta ned ni prosent

Hovudindeksen på Oslo Børs var ned heile 9 prosent etter ein halvtimes handel måndag. Norwegian, DNB og Aker BP var blant aksjane som fall kraftig.
Det er krisestemning i marknaden, slår DNB fast i morgonrapporten sin.
– Oljepriskollapsen kjem av den litt uvanlege kombinasjonen av at kraftig fall i etterspurnaden blir møtt med kraftig auke i tilbodet, skriv analytikar Ingvild Borgen Gjerde.
Saudi-Arabia har sett i gang det som ser ut som starten på ein priskrig i oljemarknaden, skriv ho vidare.
– Om ikkje marknadene allereie var prega av ei viss grad av krisestemning som følgje av koronavirusutbrotet, er det i liten tvil om at krisestemning herskar i marknadene akkurat no.

Store fall

Europeiske børsar fell også kraftig i morgontimane, og både i London og Frankfurt er nedgangen på rundt 8 prosent.
DAX-indeksen i Frankfurt fall med 7,4 prosent kort tid etter opning, medan FTSE-indeksen i London fall med 8,2 prosent.
CAC 40-indeksen i Paris var ned rundt 4 prosent få minutt etter opning måndag.
Også børsane i Midtausten fell kraftig. Det skjer for andre dag på rad etter Saudi-Arabias priskrig på olje.
Hovudindeksen i Kuwait fall måndag med 9,5 prosent, før handelen vart stansa. I Dubai fall børsen med 9 prosent etter opning, medan hovudindeksen i Abu Dhabi fall med 7,1 prosent. Då børsen i Saudi-Arabia opna, fall kursen bratt med 9,2 prosent.
Oljeprisen har falle med 29 prosent det siste døgnet, det største fallet sidan Golfkrigen i 1991.

Publisert: 09.03.2020 12:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54