Ser veksande marknad
STRANDA: PÅ fabrikken til Langlo as i Svemorka vert det årleg produsert 50-60.000 garderobeløysingar etter mål frå kundar. Lango leverer også andre produkt til industrien. Her er Reidar Leirmo i gang med produksjon. 
Nytt

Ser veksande marknad

Stranda-bedrifta Lango AS opplever vekst i marknaden for garderobeløysingar, og fekk ei omsetning i fjor på 115 millionar kroner. Men det er kamp om marginane. 

Kristin Vidhammer
16.04.2016
Langlo har levert garderober i over tretti år, og var ein av dei første i Norge med å levere måltilpassa skyvedører i eit garderobekonsept.
- Vi var også først med å gå inn i byggevarekjedene som ein distribusjonsmåte, seier marknadsdirektør Bjørn Utgård og marknadssjef Torill Velle.
Då Langlo gjekk inn i den landsdekkande Byggmakker-kjeden i 1986 skaut omsetninga fart.
- Det som pregar denne bedrifta, er at den alltid har vore innovativ og har hatt eigarar som har vore framsynte, seier dei.

God vekst siste ti år

Siste ti åra er omsetninga dobla, og i 2014 omsette Langlo for 108 millionar kroner. Resultatet før skatt var 2,2 millionar kroner.
- Resultatet i 2015 vart på nivå med året før. Vi hadde i fjor ei omsetning på ca. 115 millionar kroner, og det er vi tilfreds med. Resultatmessig vart det også på nivå med 2014.
Langlo er ifølgje Utgård og Velle den største aktøren på møbelinnreiiing til garderober i Norge når det gjeld måltilpassa skreddarsaum, og har ein marknadsandel på 25-26 prosent.
80 prosent av omsetninga i Langlo er knytt til sal av garderobeløysingar, resten kjem frå sal til til industrien.

Har lansert teikneprogram

Langlo sel garderobeløysingane gjennom dei største norske byggevarekjedane, og dei er fleire gonger kåra til "Årets leverandør" i ulike kjeder.
Det er er Norge som er marknaden. Konseptet er skreddarsaum, og der alle ordrar er unike i forhold til mål og er dermed bestillingsvare.
- I 2010 lanserte vi også eit bestillingsprogram overfor forhandlarane og der løysingane blir digitalt teikna i 3D på millimeteren. Deretter går ordrene direkte inn i produksjonssystemet vårt. No har vi nyleg også lansert ein versjon som ligg på nettet til sluttbrukarane og der dei kan sende sine teikna forslag og forespørslar direkte til forhandlarane. Dette gjer at det blir en god og unik dialog mellom sluttbrukar og forhandler, seier dei.

Løfter salet

Ifølgje Utgård og Velle, har den innsatsen dei har lagt ned i å utvikle salshjelpemiddel for kjedane, bidrege til å auke omsetninga kraftig.
- Vi har også lukkast med å lage produksjonslinjene straumlinjeforma til trass for målsaum. Ei bestilling går direkte og elektronisk rett inn i produksjonssystemet, og dette gjer at vi også har klart å korte ned produksjonstida.
Dei er opptatt av å bygge ein sterk merkevare, og marknadsførar Langlo på eigen hand i tillegg til marknadsføringa som skjer gjennom kjedane.
- Vi sender også varene direkte ut til kundane, det går ikkje via kjedene ved leveransane. Den største utfordringa vår er dei økte kostnadane i salsleddet til kjedane, og der dei også er litt trege i forhold til å ta i bruk elektroniske salshjelpemidlar. Det er også ei utfordring at vi stadig vekk må lære opp folk i kjedane, og så sluttar dei. Vi er heilt avhengig av at dei tilsette i kjedane har god kunnskap om våre produkt.

Kamp om marginar

For Langlo er ikkje den svake kronekursen no nokon fordel.
- Nei, vi driv ikkje eksport. Vi kjøper imidlertid inn ein del varer frå utlandet, og då er ikkje den svake krona nokon fordel.
Konkurransen i sluttmarknaden er også sterk.
- Det er ein veldig tøff marknad og med press på marginane. Ut frå dette må vi seie av vi er fornøgde med resultata vi har oppnådd. Men vi må heile tida jobbe smartare og sjå på korleis vi kan rasjonalisere. Vi må også heile tida sjå framover og videreutvikle både produkta og produksjonen, seier dei.

Møter konkurranse frå kjedeuavhengige aktørar

Dei opplever ikkje at utenlandske aktørar er store konkurrentar, men dei møter konkurranse i dei små, uavhengige produsentane i ulike lokalmarknader - mellom anna fordi desse ikkje har høge kostnader knytt til å være ein del av kjedane.
- Kjedene er ein dyrare salskanal, og i kjedane dreier det seg om prispress og å selge store volum. Det går også mot ei utvikling mot endå færre og større kjedar i framtida.
Leverandørane beveger seg også mellom kjedane.

- I denne situasjonen gjeld det å ta vare på merkevara, og det er ein vanskeleg balansegong mellom å bygge og beskytte ei merkevare og å vere i ein kjede for å få volum - men då oppleve prispresset.

Interiør er viktig

Langlo har nyleg lansert ny kolleksjonar - blant anna med nye fyllingar i overflater inspirert av naturen og nye funksjonelle innreiingar. Dei opplever at kundane er opptatt av kvalitet og gode løysingar, og walk-in garderober vert stadig meir populært.
- Nordmenn er veldig opptatt av å vise fram huset og løysingane, og garderober er i dag ein viktig del av interiøret. Det er ein stor marknad for rehabilitering i Norge, 60-70 milliarder kroner årleg - og dette er ein viktig del av marknaden for oss. Vaksne folk har økonomi til å prioritere kvalitet og god løysingar, men vi ser også at mange unge som bygg nytt ønsker å bruke pengar på dette. Ei walk-in garderobe frå Langlo har status.

Ser lyst på utsiktene

Det er ein stabilt veksande marknad, sjølv om dei merkar tøffere tider i enkelte deler av landet no.
- Vi er optimistiske for framtida, sjølv om det er spennande tider no i deler av næringslivet.Vi merkar at marknaden i områder langs kysten med mykje oljerelaterte næringar er blitt meir avventande. Samtidig opplever vi god vekst frå Trondheim og nordover. Men det skal byggast mange nye boligar i Norge framover.
50-60.000 garderobeløysingar vert seld årleg frå Langlo. To-tre vogntog går kvar dag ut frå fabrikken i Svemorka for levering til sluttkundar.

Vekst også innan industrisegmentet

Til industrien leverer Langlo fleire ulike produkt, mellom anna vegg- og takplater, kontorskilleveggar og dei er også underleverandørar til møbelbransjen. Denne delen av verksemda er også veksande.
- Vi har mellom anna levert spesielle takhimlingar til Fornebuporten og også veggbekledning til operahuset i Oslo.
Langlo har i lengre tid vore ei relativt stor arbeidsgjevar på Stranda, og har rundt 65 årsverk. Det er Kolbein Langlo og sønene Per Kåre og Tor som er hovedaksjonærar i selskapet.
Du kan lese meir om bedrifta si historie ved å klikke på vedlegget under artikkelen
 Vi har også lukkast med å lage produksjonslinjene straumlinjeforma til trass for målsaum

Publisert: 16.04.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55