Serverer britane daarleg norsk fisk
LONDON: Fiskeriutsending Jack Robert Møller i London er uroleg for omdømet til norsk fisk etter at parti med dårleg hyse har hamna i England.
Nytt

Serverer britane dårleg norsk fisk

Sjømatutsending Jack-Robert Møller fryktar for omdømet til norsk fisk etter at dårleg hyse har hamna i England.

16.09.2016
- Vi er klare over at det i løpet av sommaren har vore levert dårleg hysekvalitet til marknaden, seier Møller.
Storbritannia er av dei viktigaste norske eksportmarknadene. Hit går mellom anna store mengder norsk hyse og torsk til bruk i nasjonalretten fish & chips.

- Uheldig

Sjømatrådet har hatt ei rekkje kampanjer for å fremme norsk kvalitetsfisk, men no har det dukka opp norsk hyse av dårleg kvalitet.
- Dette er uheldig i forhold til å byggje norges posisjon som ein leverandør av høg kvalitet og dermed byggje ein langsiktig marknad for norsk fisk, seier Møller.
I eit lesarainnlegg i Fiskeribladet Fiskaren og NETT NO, set fiskebåtreiar og fiskeeksportør Paul Harald Leinebø frå Herøy alle varsellampar på full styrke etter å ha oppdaga mykje dårleg norsk fisk under eit besøk til England.
"Det var med sjokk, sinne og fortvilelse eg observerte norsk hyse, attpåtil med norsk flagg og norgeslogo, i fiskedisken til fleire av dei engelske supermarkedkjedene forrige veke," skriv Leinebø.

Blaut, misfarga og oppløyst

Han viser til at den ferske fisken var så dårleg i enkelte diskar at det var umuleg å ha lyst til å kjøpe.
"Blaut, misfarga, spalta og oppløyste fiskestykke, ja nærmast uspiseleg", slår han fast.
Leinebø er reiar i autolinebåten Leinebris, som også leverer fisk til den britiske marknaden.

Nærmast i sjokk

No ropar han eit høgt og alvorleg varsku mot leveransar frå andre deler av flåten.
"Vi er oppbrakte, frustrerte og nærmast i sjokk etter opplevinga. Korleis kan vi bygge «Norge», auke prisane, få betre inntekter til Norge når vi leverer slike produkt?" spør Leinebø.

Les heile innlegget .


Sjømatutsending Jack-Robert Møller deler Leinebø si bekymring.
- Frå eit marknadsperspektiv er det uheldig, så her deler vi Paul Harald Leinebø si bekymring, seier Møller.

Etterlyser grep

Han opplyser at mange store norske eksportører til Storbritannia også er klare over at det har vore utfordringar på enkelte parti frå Norge i sommar/haust.
- Dei deler nok den same bekymringa for vårt omdøme i marknaden, seier Møller.
Dersom det er systemfeil som er årsak til problema, rår Møller til at både fiskarar, mottaksanlegg og eksportørar gjer grep som at ein unngår liknande leveransar.
Vi er oppbrakte, frustrerte og nærmast i sjokk etter opplevinga

Publisert: 16.09.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00