Set inn skip med norsk flagg og mannskap
HELLESYLT: Hurtigruten byter skipet MS Fridtjof Nansen, som har vorte nytta som hotell i høve innspelinga av den neste «Mission: Impossible»-filmen på Hellesylt. Inn kjem MS Finnmarken, som har norsk flagg og mannskap.
Nytt

Set inn skip med norsk flagg og mannskap

Hurtigruten byter ut omstridd cruiseskip til filminnspeling.

11.09.2020
(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo): Hurtigruten byter ut Fridtjof Nansen og set inn Finnmarken – med norsk mannskap – som utleigeskip i samband med «Mission: Impossible»-innspelinga.
Det skjer etter at næringsminister Iselin Nybø (V) måndag bad selskapet endre det ho og politiet meiner er lovstridig praksis. Skipet har vorte brukt som hotell.
– Produksjonsselskapet har akseptert Hurtigrutens forslag om å byte ut MS Fridtjof Nansen med MS Finnmarken som utleigeskip i samband med filminnspelinga, seier Anne Marit Bjørnflaten, som er direktør for styresmaktskontakt i Hurtigruten.
– MS Finnmarken startar oppdraget i byrjinga av neste veke, med norsk flagg og norsk mannskap, seier ho til NTB.

Nybø fornøgd

Saman med MS Vesterålen, som framleis er ein del av avtalen, vil MS Finnmarken liggje ved kai i Åndalsnes resten av leigeperioden.
– Begge skipa er registrerte i Norsk ordinært skipsregister (NOR), seier Bjørnflaten.
Fridtjof Nansen er derimot registrert i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS). Formålet med den såkalla NIS-lova er å gi betre konkurransevilkår for norske skip i utanriksfart.
– Eg har vore krystallklar på at det har vore i strid med regelverket for NIS-skip å drive hotellverksemd i norske hamner, seier Nybø til NTB.
– Eg er glad for at Hurtigruten har teke signala på alvor og at dei rettar seg etter dette no. Vi jobbar òg med å endre forskrifta for å unngå at dette skjer igjen, seier ho.

Blir ikkje ramma

Bjørnflata viser samtidig til at det internasjonale mannskapet på MS Fridtjof Nansen ikkje blir ramma av endringa.
– Det betyr at vi sjølvsagt vil lønne dei etter norske vilkår i avtaleperioden – slik planen har vore heile tida, seier ho.
MS Fridtjof Nansen har den siste tida vorte brukt som hotellskip for «Mission: Impossible»-innspelinga, der mellom anna Tom Cruise deltek.
Både Fellesforbundet og Sjømannsforbundet har meldt Hurtigruten for lovbrot i saka.

– Var fullt lovleg

Medan Nybø og politiet har meint at bruken av skipet som hotell er i strid med lova, har Hurtigruten hatt ein annan versjon.
– Sjøfartsdirektoratet har stadfesta at skipet ikkje blir rekna som eit hotellskip, at bruken av skipet ligg godt innanfor NIS-lova og dermed er fullt lovleg, seier Bjørnflaten.
– Etter at statsråd Iselin Nybø var tydeleg på at ho ville gjere ei forskriftsendring for å endre NIS-reglane, starta vi likevel arbeidet med å sjå på alternative løysingar, legg ho til.

Publisert: 11.09.2020 09:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02