Sentralbanksjefen foto ntb scanpix
AUKA RENTA: Sentralbanksjef Øystein Olsen kunngjorde torsdag den første renteauken på nesten halvtanna år. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nytt

Set opp styringsrenta

Truleg startskotet på ein lengre periode med rentehevingar.

Marius Rosbach
23.09.2021

(NPK-NTB-Steinar Schjetne): For første gong på nesten halvtanna år set Noregs Bank opp styringsrenta – med 0,25 prosentpoeng. Truleg kjem det ei rekkje rentehevingar framover.

Det offentleggjorde Noregs Bank klokka 10 torsdag formiddag. Styringsrenta har lege på 0 prosent sidan 7. mai i fjor.

Gjenopninga av samfunnet har gitt ein markert oppgang i norsk økonomi, og aktiviteten er no høgare enn før koronapandemien. Arbeidsløysa har falle vidare, og kapasitetsutnyttinga synest å vere nær eit normalt nivå. Noregs Bank trur at oppgangen i økonomien vil halde fram utover hausten.

Gradvis normalisering
– Normaliseringa av økonomien tilseier at det no er rett å starte ei gradvis normalisering av styringsrenta, seier sentralbanksjef Øystein Olsen.

Det var på førehand ei brei oppfatning blant makroøkonomar at styringsrenta skulle setjast opp på septembermøtet, noko òg sentralbanken har signalisert. Renteavgjerda er truleg startskotet på ein lengre periode med rentehevingar.

Bustadlån til 3 prosent
Professor Ola Grytten ved Handelshøyskolen BI Bergen anslår overfor NTB at styringsrenta skal opp på 1,25 prosent og at gjengs bustadlånsrente vil liggje på rundt 3 prosent ved utgangen av 2022.

Noregs Bank skriv i grunngivinga for renteavgjerda torsdag at renta truleg aukar gradvis dei neste åra. Rentebanen ligg litt høgare enn i førre pengepolitiske rapport.

– Slik vi no vurderer utsiktene og risikobiletet, vil styringsrenta mest sannsynleg bli sett vidare opp i desember, seier sentralbanksjefen.

Publisert: 23.09.2021 10:24

Sist oppdatert: 23.09.2021 10:31

Mer om