Set skulesatsing paa vent
FELLES ERFARINGAR: Dagleg leier Håvard Notøy (t.v) i Fostech og innovasjonsdirektør Nils Ola Bark i Atea deler erfaringar. Offentleg sektor etterspør ikkje innovasjon, og det er negativt meiner Bark.
Nytt

Set skulesatsing på vent

Håvard Notøy i Fostech har sett satsinga på å utvikle ny teknologi for skuleverket på vent. Snur seg mot næringslivet i staden.

06.09.2018
Det blir for krevjande for eit selskap med få tilsette å drive fram eit prosjekt mot skuleverket seier Notøy.
I vår vist han fram bruken av AR-briller i undervisninga på Herøy vidaregåande skule, der både helsefagelevar og elevane som skal jobbe i industrien fekk prøve brillene i undervisninga.

Brillene gir undervisninga ein ekstra dimensjon, du ser det du blir undervist om - kan ta på det, flytte på ting og beveget deg rundt. Brillene lar deg sjå klasserommet og alle som er der saman med deg, men gir deg altså ein ekstra dimensjon i tillegg.

Snur seg mot næringslivet

Målet for Fostech var å få i gang eit fleirårig forsking- og utviklingsprosjekt for å utvikle teknologien og tilpassa undervisningsmateriell.
Trass interesse frå undervisningssektoren har ikkje det manifestert seg det engasjementet frå den offentlege undervisningsektoren Fostech treng for å satse vidare, i følgje Notøy. Fostech må prioritere det som gir inntekter. Utviklinga av undervisningsteknologien blir vidareført, men inn mot det private næringslivet.

Spør ikkje etter innovasjon

Innovasjonsdirektør Nils Ola Bark i it-selskapet Atea kjenner seg godt att i Notøy sine erfaringar.
Offentleg sektor etterspør ikkje innovasjon, seier Bark.
Notøy og Bark møttes på Atea sin teknologikonferanse, Atea Community, i Ålesund i dag. Det er 14. gang konferansen blir arrangert i Ålesund.

Feil utgangspunkt

Bark snakka om organisasjonar og verksemdene si evne til å ta i bruk ny teknologi og metodar i sitt foredrag.
Den evna varierer, men det er offentleg sektor som er mest tungrodd, i følgje Bark.
Offentleg sektor er oppteken av pris, og rettar seg dermed ikkje mot nyskaping - sjølv om det kan store gevinstar på lengre sikt.
Han meiner Fostech sin teknologi er eit godt døme på ei prosjekt som kunne utviklast i samarbeid mellom offentleg sektor og bedrifta, der ny teknologi blir testa ut i liten skala og takast i bruk at andre om det lukkast.

Publisert: 06.09.2018 14:04

Sist oppdatert: 07.03.2024 14:04

Mer om