Sette full fart paa hyttesatsing
PARTNARSKAP: Andreas Hjellegjerde (t.v.) og Martin Vollen har gått saman for å bygge 20 fritidsleigeheiter på Strandafjellet.
Nytt

Sette full fart på hyttesatsing

Då koronaepidemien kom sette Andreas Hjellegjerde og Martin Vollen utbygging av 20 fritidsbustadar på Strandafjellet på vent. Like etter gav dei full gass. 

23.07.2020
No er målet å starte byggearbeidet i regi av selskapet Roalden Skigard i løpet av september.
- Vi pausa prosjektet då koronaen kom, og så såg vi etter eit par veker at etterspørselen i hyttemarknaden auka. Då gassa vi på slik at vi kunne lansere før sommaren, seier Hjellegjerde.
Vollen er ein av dei store aktørane i hytteutbygginga på Strandafjellet, medan Hjellegjerde gjekk inn i marknaden i 2015.

Saman med medgrunnleggar Arnt Tore Røe eig og driv han Sunnmørsalpane Hytteutleige, som eig fem og leiger ut ti fritidsbustadar på Fjellsetra i Sykkylven og på Strandafjellet.

Nytt samarbeid

I Roalden Skigard-prosjekt er det Martin Vollen og Andreas Hjellegjerde som har funne saman. Dei eig Roalden Skigard 50/50.
Fullt utygd vil det omfatte 20 fritidsleilegheiter fordelt på 10 bygg. Går det som Vollen og Hjellegjerde håpar får dei inn omlag 60 millionar kroner på heile prosjektet.
I første omgang skal det byggast tre bygg. Målet er å få seld tre leilegheiter i løpet av ettersommaren, slik at dei kan starte grave- og byggearbeidet i september i år og har på plass tak og veggar før snøen kjem.

Raskt utleigd

Sunnmøre Hytteutleige måtte sende heim gjestar då restriksjonane mot koronaepidemien kom, og hadde ein dårleg start på sommaren.
Då det snudde vart fritidsbustadane på Strandafjellet raskt utleigd, og i juli og storparten av august er alt utleigd.
Samla asett ventar Hjellegjerde eit minusår på utleigeverksemda i år. Selskapet har imidlertid ein fritidsbustadane ute for sal. Blir den seld vil det gi ein gevinst som sikrar overskot i 2020.

Publisert: 23.07.2020 13:00

Sist oppdatert: 12.05.2021 11:26

Mer om