Nytt
Signerte kjøpsavtale for Fiskåholmen
Det kommunale selskapet Vanylven Eigedom sel størsteparten av industrianlegget Fiskåholmen til Prodtex Industri.
24.04.2020
I dag signerte partane avtalen som formaliserer eigarskiftet.
Prodtex har utvikla ei løysing for automatisert stålproduksjon og fekk eit gjennombrot i februar då selskapet kapra oppdraget om å bygge ei pilotbru for Statens vegvesen.
Etter at Prodtex fekk til saman 27 millionar kroner i støtte og lån og støtte frå Innovasjon Norge bestemte selskapet seg for å kjøpe storparten av anlegget på Fiskeåholmen, i staden for å vere leigetakar.
"Prodtex driv med metallkonstruksjon etter metodar som vil bidra til meir effektiv brubygging. Dette vil gagne lokale, nasjonale og internasjonale prosjekt på sikt. Deira måte å revolusjonere brubygging på vil gjere store samferdselsprosjekt meir effektive, både konstruksjons- og kostnadsmessig. Dagleg leiar i Prodtex Industri, Tore Roppen, seier han ser fram til å bygge opp ei framtidsretta næring på Fiskå i Vanylven.", heiter det i pressemelding. Prodtex Industri er eit datterselskap av Prodtex.
Etterpå har kommunen arbeidd for å få ny drift i anlegget.
Prodtex har utvikla ei løysing for automatisert stålproduksjon og fekk eit gjennombrot i februar då selskapet kapra oppdraget om å bygge ei pilotbru for Statens vegvesen.
Etter at Prodtex fekk til saman 27 millionar kroner i støtte og lån og støtte frå Innovasjon Norge bestemte selskapet seg for å kjøpe storparten av anlegget på Fiskeåholmen, i staden for å vere leigetakar.
Lokal arbeidskraft
Det er eit samla styre i Vanylven Eigedom AS som no er nøgd med å lande dette salet med eit seriøst firma, som er opptatt av å rekruttere lokal arbeidskraft, skriv Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande i ei felles pressemelding frå kommunen og Prodtex."Prodtex driv med metallkonstruksjon etter metodar som vil bidra til meir effektiv brubygging. Dette vil gagne lokale, nasjonale og internasjonale prosjekt på sikt. Deira måte å revolusjonere brubygging på vil gjere store samferdselsprosjekt meir effektive, både konstruksjons- og kostnadsmessig. Dagleg leiar i Prodtex Industri, Tore Roppen, seier han ser fram til å bygge opp ei framtidsretta næring på Fiskå i Vanylven.", heiter det i pressemelding. Prodtex Industri er eit datterselskap av Prodtex.
Nedlagt seksjonsverft
Vanylven kommune kjøpte industrianlegget på Fiskeåholmen etter at Ulstein Group la ned skrogseksjonsbygginga der i 2015.Etterpå har kommunen arbeidd for å få ny drift i anlegget.
Publisert: 24.04.2020 16:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56