Nytt
Sikra ny Sølvtrans-kontrakt
Nye oppdrag endrar situasjonen nærast dagleg for Myklebust-verftet.
Marius Rosbach
25.08.2020
Tysdag kunne Myklebust Verft gå ut med nyheita om at dei hadde sikra seg bygging av ein ny stor brønnbåt for reiarlaget Sølvtrans i Ålesund.
Levering av det som blir bygg nummer 77 frå verftet, skal skje i april 2022, ifølgje ei pressemelding.
Oppdraget med brønnbåten vil sikre arbeid i utdanningan til dei sju lærlingane og Taf-elevane mellom dei tilsette.
– For ei veke sidan tok vi imot tre nye lærlingar og det er ei ekstra glede å kunne fortelje dei om denne kontrakten som sikrar spennande arbeidsoppgåver i deira læretid, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft i meldinga.
Verftssjefen ser ikkje vekk frå at den komande tida kan bli «litt humpete», men han håpar å halde dei fleste tilsette i arbeid.
– Situasjonen endrar seg også heile tida. Dette store oppdraget for Sølvtrans sikrar oss på ein lengre tidshorisont. Samtidig har vi fått inn tre mindre jobbar den siste veka, pluss ein til i dag, fortel Hide.
Verftet er difor i ein situasjon der behovet for folk i arbeid endrar seg. Hide fortel at dei har eit tett samarbeid med dei tilsette om korleis dei løyser kabalen.
– Det er positivt å ha ledig kapasitet, men det er litt som å ha ein fot på gassen og ein fot på bremsen samtidig, seier han.
Sølvtrans-reiar Roger Halsebakk seier det er stor etterspurnad etter brønnbåtar i denne klassa, og at det er viktig å bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar.
– Men denne kontrakten oppnår vi dette, seier Halsebakk.
Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San.
Saka blir oppdatert
Levering av det som blir bygg nummer 77 frå verftet, skal skje i april 2022, ifølgje ei pressemelding.
Sikrar arbeid for nye lærlingar
Sande-verftet med 142 tilsette gjorde seg nyleg ferdig med oppdraget med å Dagleg leiar Inge-Jonny Hide har samtidig vore nøyd til å sende permitteringsvarsel til halve arbeidsstokken.Oppdraget med brønnbåten vil sikre arbeid i utdanningan til dei sju lærlingane og Taf-elevane mellom dei tilsette.
– For ei veke sidan tok vi imot tre nye lærlingar og det er ei ekstra glede å kunne fortelje dei om denne kontrakten som sikrar spennande arbeidsoppgåver i deira læretid, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft i meldinga.
Kan bli «litt humpete»
Hide fortel til NETT NO at eit slikt oppdrag gir nokre få a dei tilsette arbeid frå starten av med å planlegge prosjektet og innkjøp. Difor blei også kontrakten markert med kake for dei tilsette.Verftssjefen ser ikkje vekk frå at den komande tida kan bli «litt humpete», men han håpar å halde dei fleste tilsette i arbeid.
– Situasjonen endrar seg også heile tida. Dette store oppdraget for Sølvtrans sikrar oss på ein lengre tidshorisont. Samtidig har vi fått inn tre mindre jobbar den siste veka, pluss ein til i dag, fortel Hide.
Verftet er difor i ein situasjon der behovet for folk i arbeid endrar seg. Hide fortel at dei har eit tett samarbeid med dei tilsette om korleis dei løyser kabalen.
– Det er positivt å ha ledig kapasitet, men det er litt som å ha ein fot på gassen og ein fot på bremsen samtidig, seier han.
Sølvtrans: – Stor etterspurnad
Brønnbåten blir det tredje i ein serie basert på Kongsberg NVC 389-design som Sølvtrans frå før har to av i ordre ved verftet. Lastekapasiteten er på 4000 kubikkmeter.Sølvtrans-reiar Roger Halsebakk seier det er stor etterspurnad etter brønnbåtar i denne klassa, og at det er viktig å bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar.
– Men denne kontrakten oppnår vi dette, seier Halsebakk.
Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San.
Les også:
Saka blir oppdatert
Publisert: 25.08.2020 14:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01