Siktar mot 80 jobbar
DRIV VIDARE: Etter eit forlik om maskinparken med bustyrar Håvard Wiker 22. desember i fjor hadde administrerande direktør Jo Stian Tverberg anleggsmaskiner for vidare drift, gjennom selskapet Aurstad Tunnell. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Siktar mot 80 jobbar

Aurstad Tunnel aukar arbeidsstokken etter konkursen i søsterselskapet K A Aurstad.

16.04.2019
I løpet av året skal Aurstad Tunnell opp i i 70-80 tilsette skriv selskapet i årsmeldinga for 2018.
Selskapet er eit søsterselskap av entreprenørselskapet K A Aurstad, som gjekk konkurs i desember 2018. Då hadde K A Aurstad over 200 på lønningslista.
Deler av oppdraga som K A Aurstad hadde er tatt over av søsterselskapet Aurstad Tunnel, mellom anna damutbetring i Buskerud utbetring av Rotsethorntunnelen i Volda.

Meir å gjere

Bak Aurstad Tunnel står far og son Kjell Arne og Cato Aurstad, gjennom selskapet Aurstad as.
No er det Aurstad Tunnell som er driftselskapet i konsernet, medan maskinparken er eigd av søsterselskapet Aurstad Maskinutleige.

Aurstad Tunnel meier enn dobla driftsinntektene sin i 2018 (sjå tabell). Etter konkursen i K A Aurstad tok selskapet over 30 tilsette for det konkursråka selskapet og skal altså bygge arbeidsstokken opp til 70-80 personar i løpet av året.

Over 300 millionar

Ved første skiftesamling etter konkursen i K A Aurstad, 10. januar i år, kom det fram at konkursboet K A Aurstad hadde fått krav på 307 millionar kroner og varsel om at ytterlegare krav på over 100 millionar kroner er på veg.
DNB er største kreditor, med eit pantsikra krav på 189 millionar kroner.

Publisert: 16.04.2019 12:58

Sist oppdatert: 12.04.2021 13:24