Siktar mot dobling på fiskeri og oppdrett
Evotec har inngått nesten like store kontrakter til fiskeri hittil i år som i heile 2020.
Evotec i Ulsteinvik skal levere elektriske vinsjar og -system til Liegruppen sin nye fiskebåt, den pelagiske trålaren Liafjord.
Kontrakten er på omlag 20 millionar kroner, og er den andre fiskebåtkontrakten for Evotec i år. Den første var omlag like stor.
I fjor fekk Evotec inn to slike kontraktar, til omlag 45 millionar kroner, ifølgje salssjef for fiskeri i Evotec, Håkon Woldsund. Selskapet har forventningar om å passere 2020-omsetninga frå fiskeri allereie i første halvår.
Les også
Heite prosjekt
- Vi jobbar med mange heite prosjekt og har ambisjonar om å lande meir før det blir ferie, seier Woldsund.
Målet for 2021 er ei dobling samanlikna med 2020 og selskapet ventar at fiskeri- og oppdrettsnæringa kan bli den viktigaste marknaden for selskapet etterkvart, ifølgje Woldsund.
I 2019 hadde Evotec 157 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 11,6 millionar kroner i driftsinntekter.
Selskapet er ein del av Entec Group, med søsterselskapa Brimer og Servitech.
Publisert: 20.05.2021 13:00
Sist oppdatert: 20.01.2022 11:47