Siktar mot el ferje paa Geirangerfjorden
RASK UTVIKLING: Sightseeingsbåten "Vision of the Fjords" på besøk i Geiranger i førre veke. Den må ha dieselmotor i tillegg til batteridrift for å operere på Nærøyfjorden i Sogn. Søsterskipet "Future of the Fjords", som snart er klar for trafikk klarer seg med berre batteri. Målet for selskapet bak sightseeingsfarya er at det skal bli råd å drive ei el-ferje tur-retur Hellesylt-Geiranger.
Nytt

Siktar mot el-ferje på Geirangerfjorden

Innan eit par år vil det vere råd å drive ei el-ferje på Geirangerfjorden som kan nøye seg med å lade batteria berre på Hellesylt.

12.02.2018
- Utviklinga har vore ekstermt positiv på Geirangerfjorden, seier Rolf Sandvik. Han er administrerande direktør i The Fjords, selskapet som mellom anna driv ferja mellom Hellesylt og Geiranger.
I år utvidar selskapet nok ein gong sesongen, med både lengre sesong og utvida kapasitet.

Treng fornying av ferjene

Ferjene som trafikkere sambandet i dag er gamle, og risikerer å bli stengt ute om miljøkrava på fjorden blir innskjerpa.
Sandvik seier The Fjords ser på fleire alternativ, frå ombygging av dagens ferjer til hydrogendrift, ferjer som går på naturgass, eller rein el-drift.
Innan eit par år trur han teknologien har utvikla seg så langt at det blir råd å gå tur-retur Hellesylt-Geiranger på rein batteridrift, med berre ein ladestasjon.
Draumen er óg at elbilar kan få lade batteria sine ombord i elferja.

Kai og batteri

For å sikre nok straum til ei elferje utan at det krev store investeringar i ny overføringskapasitet fram til ladestasjonen kan The Fjords satse på samme løysing som i Flåm.
Der skal søsterskipet til sightseeingsfartyet "Vision of the Fjords" ladast frå eit digert batteri - ein "powerbank" - som og fungerer som kai. Fordelen med ei slik løysing er at skipet kan ladast opp raskt, takka vere "powerbanken", sjølv om ikkje kapasiteten i nettet er all verda. Det er tid nok mellom kvar gong skipet kjem til kai for å lade opp "powerbanken" frå eksisterande nett.

Treng tid

The Fjords har ein ti-årig konsesjon på å drive ferja på Geirangerfjorden. Den går ut i 2022.
Sandvik seier ei avklaring om vidare konsesjon vil vere avgjerande for selskapet sine investeringar på Geirangerfjorden. Han vil ikkje talfeste kor lang tid framover selskapet må ha konsesjon for å gjere nye investeringar, men seier selskapet treng ei avklaring om det vidare konsesjonsregimet etter at dagens konsesjon går ut.
Målet for The Fjords er å drive ferja heile året. Skal det vere økonomisk forsvarleg må selskapet opp i lønsam drift i ni av tolv månadar, seier Sandvik.


Publisert: 12.02.2018 09:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18