Insekt Stordal foto Norinsect
FÔR: Mjølbillelarvar frå Stordal kan bli til fôr for både fjørfe, svin, kjæledyr og oppdrettsfisk.
Nytt

Siktar mot første levering i juni

I juni startar Norinsect i Stordal produksjonen av mjøl og olje frå mjølbillelarvane.

03.05.2022

Det er investert 30-40 millionar kroner i fabrikk- og utvikling i selskapet Norinsect, ifølgje dagleg leiar og medeigar Harald Espeland.

Fabrikken, som er bygd inne bygget som tidlegare husa møbleprodusenten Pedro, har vore i drift i eitt år og innkøyringsfasen er over.

- No har vi gått over i driftsmodus, seier Espeland.

Førebels handlar det om å ale opp fleire og fleire mjølbiller for å auke produksjonskapasiteten. I juni skal utstyret for å lage mjøl og olje av mjølbillelarvane vere på plass, og dei første produkta klare for marknaden, seier Espeland.

Han reknar med at fabrikken kan levere mellom 1300 og 4000 tonn i året.

Statsrådbesøk
I ettermiddag er Espeland vert for kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, som skal få omvisning og presentasjon av fabrikken og selskapet. Gjelsvik får sjå ein fabrikk på omlag 1600 kvadratmeter. Det blir mjølbillelarvane og mjølbillene fora med vegetabilsk restråstoff frå Orkla sitt anlegg på Stranda.

Norinsect har tre tilsette på heiltid i produksjonen, i tillegg til Espeland på deltid som dagleg leiar og ein byggeleiar også på deltid.

I tillegg har åtte unge frå Stordal deltidsjobb i fabrikken, og etter sommaren har selskapet også ein biolog på lønningslista.

Ja frå EU
I fjor vende EU tommelen opp for at insekt kan bli fôr også for fjørfe, svin og kjæledyr. Det utvida marknaden, som opphavleg berre var fiskeoppdrettsnæringa.

- Vi har veldig god kontakt med potesielle kundar både i Noreg og Europa. Signala er såpass gode at vi får seld dette, seier Espeland.

Espeland er medeigar gjennom selskapet Attraktive Lokalsamfunn. Største aksjonær er Peder Stavdal Vikenes, gjennom selskap PS Vikenes.

På eigarsida er og Aqua Artec-grunnleggarane sitt selskap Artec Holding. Bjørnar Flem, ein av Artec Holding-eigarane er også aksjonær direkte.

Publisert: 03.05.2022 13:00

Sist oppdatert: 03.05.2022 13:33

Mer om