Ola Kvalheim Tofte Wilhelmens Ode foto Ogne 1
AUKA INNSATS I MARKNADEN Anders Tofte Wilhelmsen (t.h) er tilsett som kommersiell direktør i torskeoppdrettselskapet Ode. HEr er han saman med administerande direktør og medgrunnleggar Ola Kvalhiem. Foto: Ode
Nytt

Siktar mot milliardomsetning frå torskeoppdrett

Ode nærmar seg ein milliard i inntekt i år, meir enn dobling frå i fjor.

06.10.2025

Alle seks anlegga til torskeoppdrettselskapet Ode er no i full drift, og i år ventar selskapet å levere 11.000 tonn torsk til kundane og få ei omsetning opp mot ein milliard kroner. 

Det fortel selskapet i ei pressemelding.

I fjor hadde Ode-konsernet 401 millionar kroner i driftsinntekt (sjå tabell under).

To anlegg til
I tillegg til dei seks anlegga Ode har i drift, har dei fått godkjent ytterlegare to anlegg. Dei to er venta å få fisk i anlegga i 2026 eller 2027, ifølgje Falk D. Øveraas. Han er samfunns- og styresmaktkontakt i konsernet.

Ola Kvalheim og Tor Olav Seim eig til saman knappe 16 prosent av Ode.-konsernet. Resten er eigd av den belgiske De Clercq-familien, som har vore medinvestor sidan starten.

Hovudkontoret ligg i Ålesund, slakteriet på Vartdal og anlegga på Nordvestlandt.

Per i dag har Ode omlag 200 tilsette, følgje Øveraas.

Auka innsatsen i eksportmarknaden
For å utvide marknaden og vinne innpass hos fleire har Ode tilsett  Anders Tofte Wilhelmsen som ny kommersiell direktør fortel selskapet i pressemeldinga. 

Han har mellom anna vore  konserndirektør for markedsføring i Cermaq og kjem til Ode frå ei leiarstilling i sjømatselskapet Milarex, som har foredlingsanlegg i Polen. 

Tofte Wilhelmsen skal ha ansvaret for både sal, logistikk og marknadsføringsarbeidet til Ode. 

Det omfattar også produktutvikling, der Ode skal tilby meir vidareforedla produkt og styrke merkevarebygginga.

Ode Holding AS (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt401,0120,9
Driftsresultat-93,9-186,3
Resultat før skatt-125,7-232,1

Publisert: 06.10.2025 11:53

Sist oppdatert: 06.10.2025 11:55

Mer om