Sild
SILD: Tabellen viser sildefisket og kvar silda vart fiska 1.- 10. februar i 2012 og i same periode i år. Skisse: Sildelaget
Nytt

Silda kjem stadig seinare til Møre

Når kjem silda? har vore eit fast spørsmål i januar-februar på Møre. Svaret er at ho kjem seinare og seinare.

10.02.2022

Dette viser fangstdata som salsleiar Kenneth Garvik i Sildelaget har dukka ned i.

Med silda kjem det også mykje annan fisk, slik at vintersildfisket er svært verdfullt for fiskarane som held til i nordvest.

Ikkje minst er silda viktig for at det kjem inn vintertorsk på bankane utanfor Møre.

Men Garvik opplyser at silda kjem stadig seinare, og vert stadig kortare på Møre når ho først dukkar opp.

Ikkje hastverk
Garvik viser til at dersom ein ser ti år tilbake i tid - til 2012. så hadde ein hoveddelen av sildefisket på Mørekysten 1-10 februar.

- No i 2022 så er den yngre silda ennå sør av Tromsøflaket, 70 mil nord om Andenes, medan den større silda blir tatt ute i Norskehavet 100 mil vest om Verøy.

- Det ser ikkje ut som ho har hastverk med å trekke sørover, skriv Garvik på heimesida til Sildelaget.

Tabellen under viser når ein hadde dei første fangstane av NVG-sild på Mørefelta dei siste ti åra.

ÅrFørste fangstdato
201227. Januar
201329. Januar
201430. Januar
201501. Februar
201613. Februar
201709.Februar
201810. Februar
201916. Februar
202013. Februar
202122.Februar


Det ser ikkje ut som ho har hastverk med å trekke sørover
Kenneth Garvik

Kort sesong i sør
- Som tala viser har silda på ti år kome nesten fire veker seinare til Møre, og i fjor hadde vi første fangsten 22 februar,.

- Så varte heile fisket berre eit par dagar før silda var gyteklar og borte fra både Buagrunnen og områda rundt, skriv Garvik.

Han opplyser at ein ser ei utvikling på at gytinga i større grad skjer lenger nord frå områda Halten,- Sklinna- og Trænabanken, og at det er mindre mengder som tek turen heilt til Møre.

Årets NVG-sildekvote er på 455 000 tonn. Så langt er det fiska 88 000 tonn der ringnot har tatt 17 000 tonn, trålgruppa 17 000 tonn og kystflåten 54 000 tonn. I fjor til same tid var det fiska rundt 140 000 tonn.

Få fangstar
Torsdag er det ikkje meldt inn ein einaste sildefangst, medan Bømlo-båten Lønnøy melde inn 600 tonn onsdag, ein fangst som skal leverast hos Pelagia Kalvåg.

Tysdag var det derimot ein betre dag, med 15 fangstar, der både Pelagia Måløy og Brødrene Sperre på Ellingsøya var på kjøparsida.

Publisert: 10.02.2022 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2022 16:25

Mer om