Silda mot slutten god fart paa kolmula
KOLMULE: Christina E har tatt første kolmulefangsten på 2 000 tonn.
Nytt

Silda mot slutten - god fart på kolmula

Sildefisket går mot slutten, men fiskarane melder om meir sild på Møre enn på fleire år.

02.03.2020
Medan fisket etter norsk vårgytande sild (NVG-sild) no går mot slutten, vart det før helga endeleg fart i kolmulefisket etter ein periode med svært dårleg vêr.
Totalt vart det på få dagar innmeldt 40.200 tonn kolmule, noko som er meir enn dei fire føregåande vekene til saman.
opplyser at fangstane sist veke vart 32.300 tonn fiska i internasjonalt farvatn med bidrag fra 17 båtar.
Det resterende kvantumet på 7.900 tonn er fiska av fem båtar i området vest og nord for Porcue Pine-banken i EU-sonen.
Måndag er det innmeldt endå ein fangst. Det er Herøy-båten Christina E, som har meldt inn 2 000 tonn kolmule.
Fangsten skal leverast til Karmsund Protein.

Mange på same flekkane

Ifølgje Sildelaget melder fiskarane om godt med kolmule i enkelte område. Utfordringa har vore at det er mange båtar som fiskar på dei same kolmuleflekkane, og då spesielt i internasjonal sone.
Her er det i tillegg til norske båtar også ein stor flåte med russarar, færøyværingar og islendingar.
På NVG-silda vart det sist veke innmeldt 19.000 tonn, der mesteparten vart fiska i starten av veka.

Bra med Møre-sild

Sildelaget opplyser at hoveddelen av sildefisket foregår på to område. Det eine er Haltenbanken, der det var så store kast at fiskarane fekk problem med å handtere all silda. Dette førde til dagstenging av sildefisket her.
Det andre hovedområdet med fiske er Buagrunnen. Her har det vore sild dei siste tre vekene, og fiskarane melder om meir sild på Møre i år samanlikna med dei siste to åra.
Sildelaget opplyser at snittstørrelsane på silda har variert sist veke, der høgaste snittet var 386 gram og lavaste 301 gram.
Hovedårsaka til variasjonen er rogninnhaldet der ein i siste del av veka fekk fleire fangstar med tomsild, slik at det er tydeleg at gytinga på Møre er godt i gang.

Publisert: 02.03.2020 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53