Anette Sagen Haramsøya 2015 innviing av hoppbakke med Simek overbygg foto Simek
SATSAR I SPORTSBRANSJEN: Skihoppar Anette Sagen innvia hoppbakken på Haramsøya i 2015. Overbygget produserte hos Simek i Stordal. Foto: Simek
Nytt

Simek i Stordal på pengejakt

Skal investere i sal og marknadsføring for å sikre vekst.

16.06.2022

I løpet av sommaren får den mekaniske industribedrifta Simek i Stordal ein ny laserskjærar som vil utvide den potensielle marknaden for selskapet.

No vil Simek i Stordal hente inn fire millionar kroner i ny eigenkapital, for å finansiere sals- og marknadsarbeid.

Planen er mellom anna å tilsette eit til to seljarar seier dagleg leiar Harald Espeland i næringsutviklingsselskapet Vekst i Fjord, som hjelper Simek med kapitalutvidinga.

Ny fres og ny laser-skjærer for både rør og plater gir ei kraftig auke i produksjonskapasitet hos Simek. Denne kapasiteten skal fyllast opp gjennom auka salsarbeid, skriv selskapet i ei pressemelding.

Skilt ut frå møbelfabrikk
Simek vart etablert i 1990 og spring ut av maskineringsavdelinga til Helland Møbler.

Eigarane er dagleg leiar Jan Erik Vad, Jan Kåre Isvik og Asle Olav Olsen. Selskapet har åtte tilsette.

Opphavleg var møblindustrien ein viktig kunde. Dei siste åra har selskapet hatt vekst i sportsmarknaden, med fotballmål, små ballbingar og hoppbakke-overbygg, mellom anna til Haramsøya.

I 2020 hadde selskapet 7,5 millionar kroner i driftsinntekter og 0,3 millionar kroner i resultat før skatt.

Samarbeid med Protomore
Selskapet har svinga rundt 7,5 millionar kroner i driftsinntekter i åra 2013-2020. Koronatida har blitt brukt til å finne ut korleis selskapet skal få ny vekst.

- Vi har nytta koronatida godt til å jobbe grundig med strategiane våre. Mellom anna saman med Protomore i Molde. Dei kobla inn ei rekke aktørar som var med å gi innspel i prosessen. Konklusjonen blei å modernisere maskinparken og satse på markedsapparat. Dette følgjer vi opp mellom anna gjennom kjøp av ein laser-skjærer. Den er på plass i sommar. Innovasjon Norge har vore med på finansieringa, seier Vad i pressemeldinga.

Publisert: 16.06.2022 11:36

Sist oppdatert: 19.04.2024 13:41