Sinne og glede over Erna sitt traseval
RIS OG ROS: Statsminister Erna Solberg får både ros og kraftig kritikk for trasévalet for ferjefri E39 gjennom Nordfjord. Her er Solberg saman med næringsminister Monica Mæland på besøk hos Omega 3-produsenten Epax.
Nytt

Sinne og glede over Erna sitt traséval

Medan det vert flagga på Grodås og i Stryn, er det sinne på Eid over regjeringa sitt val av indre linje som E39-trasé gjennom Nordfjord.

20.03.2020
Eid-ordførar Alfred Bjørlo er av dei som er mest skuffa.
- Kort oppsummert så viser Erna Solberg at ho meiner at Sogn og Fjordane er eit forbikjøringsfylke og ikkje eit verdiskapingsfylke. Det er trist, seier Bjørlo til .
Han reagerer også på at Solberg og regjeringa valde å lekke nyheita om trasévalet gjennom Aftenposten.
- At det var osloavisa Aftenposten som først kom med denne nyheita seier vel sitt til korleis statsministeren ser på Sogn og Fjordane.

- Etterdiltarane KrF og Venstre

I følgje skuldar eks-statsråd Liv Signe Navarsete skuldar Erna Solberg for å ikkje bry seg om Sogn og Fjordane, og prioritere Møre og Romsdal og Hordaland - der det er flest veljarar.
Navarsete tvilar på at brua i indre Nordfjord nokon gong vert bygd.
– Men kva betyr vel det, så lenge Erna får bruke pengane i Hordaland og Møre og Romsdal?
Ho skuldar også regjeringa sine støtteparti, KrF og Venstre, for å vere etterdiltarar.
– Eg trudde Venstre og Krf hadde litt påverknad i regjeringa, dette viser vel at dei er etterdiltarar til den mest sentralistiske regjeringa me har hatt på lang tid i Noreg, skriv ho på sin Facebook-profil.

Viktig for Stryn og Sandane

I følgje i Stryn er derimot Bjørn Lødemel, honndøl og stortingsrepresentant for Høgre, svært godt nøgd med trasévalet.
Han seier Stryn og Sandane gjennom realisering av bru og tunnel vert ein ny og større arbeidsregion mange vil få augene opp for, med ei køyretid mellom dei to kommunesentra på litt over ein halv time.
- Det er klart at prisskilnaden på fire milliardar kroner ved bru over Austefjorden og seks milliardar ved bru over Voldafjorden var for mykje til å velje midtre. Det er mange delstrekningar sørover E39 frå Skei som og treng pengane sårt, seier Lødemel.
Når avgjerda no er teken, seier han det er viktig å kome vidare med planar og løyving.
- Eg vil no ta kontakt med kommunane i regionen med tanke på regional utvikling og diskutere korleis ein kan utnytte effektane nytt vegsamband gir, seier Lødemel til Fjordingen.

Kraftig Lødemel-kritikk

Leiaren Tore Hjelle i Eid Høgre er derimot svært skuffa over avgjerda om at E 39 skal gå i indre linje. Han er også kritisk til måten partifelle Bjørn Lødemel har agert på, og meiner at heile prosessen har vore eit spel for galleriet.
- Eg vil nytte høvet til å gratulere Bjørn Lødemel med trasevalet. Å føre folk bak lyset og bevisst drive feilinformasjon løner seg. Håpar du søv godt om natta når trailarane dundrar forbi bokhandelen og du veit med deg sjølv at du har hatt ei viktig rolle i å setje regionen kraftig tilbake i tid samferdselsmessig, skriv Hjelle på sin Facebook-profil, i følgje.
På direkte spørsmål om dette er så alvorleg at han vil vurdere å melde seg ut av partiet, svarar han dette:
– Eg trur ikkje dette er dagen for å ta ei slik avgjerd, men det vil nok få betydning for mitt personlege engasjement i partiet i åra framover. Eg vil ikkje oppmode nokon om å melde seg ut av Høgre, for historia viser at det mest av alt fører til mindre påverknadskraft. Når det er sagt vil eg understreke at eg er svært misnøgd med avgjerda som er tatt, seier Tore Hjelle til Fjordabladet.

Kvivsvegen avgjerande

Svein Sunde i vegselskapet «Gode Vegar» er deriomot svært godt nøgd med valet.
– Det er ein heilt fantastisk dag. Vi har venta på denne sidan vi fekk gjennomslag for Kvivsvegen, jublar Svein Sunde i «Gode Vegar».
Til seier Sunde at han trur Kvivsvegen var utløysande for at indre trasé vart vald.
– Det er investert 2,2 milliardar kroner frå Volda til Grodås. Vi er halvveges og desse midlane får ein ikkje utteljing for før ein fullfører siste halvdel til Byrkjelo, seier han.
Også stryneordførar Sven Flo (H) er strålande nøgd.
– Eg vart sett litt ut i nokre minuttar, men etterkvart som eg fekk stadfesta ting, kjente eg kor fantastisk herlig dette var. Sidan har ikkje telefonen stått stille. Det har plinga på med gratulasjonar gjennom natta, seier han til .

Styrkar Kystvegen

Ein som heller ikkje er så misnøgd, er styreleiar Bengt Solheim Olsen i Kystvegen Ålesund - Bergen.
- Ein E39 gjennom indre Nordfjord vil tydeleggjere og styrke behovet for kystvegen, seier Solheim Olsen til .
- Kystvegen vil bli eit naturleg vegval for trafikk til og frå ytre Sunnmøre. E39 gjennom Utvikfjellet og over fjorden ved Svarstad vil spare Sogn og Fjordane for ytterlegare kostnader på FV 60 slik at fylkeskommunen kan konsentrere seg om Kystvegen, som framleis er den største mangelen i eit komplett hovudvegsystem i denne delen av Vestlandet.

Publisert: 20.03.2020 15:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33