Sitwell systove foto Sitwell
NORSK PRODUKSJON: Sitwell brukar leverandørar på Nordvestlandet og har all produksjon i eigen fabrikk. Det blir brukt som marknadsføringsargument. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sitwell snudde til pluss

Etter tre år på rad med fallande inntekter snudde det for Sitwell i fjor.

22.07.2021

- Det ser veldig bra ut. Vi ligg føre fjoråret omsetningmessig, seier produksjonsleiar Claus Hoff om status for Sitwell per første halvår i år.

Slik det ligg an no blir det overskot også i 2021, sjølv om råvarekostnadane har gått opp.

Miste kjedeavtale
Møbelprodusentet Sitwell i Stordal fekk ein smell etter at den miste kjedeavtalen med Møbelringen i 2018. Smellen slo ut for fullt i 2019.

2019 blei også botnen på ein treårig nedtur, der driftsinntektene til selskapet blei nesten halvert, frå 24,2 millionar kroner i 2016 til 12,9 i 2019.

Både i 2018 og 2019 gjekk selskapet med tap.

Fornya kolleksjon
Sitwell har framleis berre kjedeavtale med Fagmøbler-kjeden, i tillegg til avtalar med einskildbutikkar.

Nyleg har selskapet lansert ein ny nettside for å kunne vise fram selskapet og møblane sine betre, og har også arbeidd med å fornye og modernisere møbelkolleksjonen sin.

Opp og ned
Sitwell låg i fleire år stabilt rundt 13 millionar kroner i driftsinntekter, men i 2014-2016 auka både inntekter og bemanning, til 19 tilsette.

Oppturen varte ikkje ved, og i fjor blei talet på årsverk kutta frå 14 til 13. I år er bemanninga som i fjor.

Publisert: 22.07.2021 14:00

Sist oppdatert: 22.07.2021 16:17

Mer om