Sjaa sending om maritim melding
DIREKTESENDING: Førebuingar tysdag til direktesending frå Kleven-verftet i samband med maritim melding. 
Nytt

Sjå sending om maritim melding

Det starta med ei feilnavigering frå næringsministeren, men meldinga frå regjeringa blei godt motteke i den maritime industrien frå Nordvestlandet. 

Marius Rosbach
08.12.2020
(ekstern lenke)
Tysdag var det direktesending i regi av NHO og rederiforbundet om den maritime stortingsmeldinga som i førre veke.
Næringsminister Iselin Nybø deltok saman med mellom anna NHO-sjef Ole Erik Almlid og direktør Harald Solberg i rederiforbundet. Heile seansen blei forseinka fordi statsråden sitt følgje hadde gjort ei «feilnavigering» på veg til studio.
Difor starta sendinga også nokre minutt over klokka ti. Då Nybø kom i gong, gjekk ho gjennom hovudpunkta i meldinga. Statsråden trekte fram hovudpunkta, som ho meiner er grøn skipsfart, digitalisering og framleis utvikling av næringa.
– Regjeringa vil at Norge framleis skal vere ein betydeleg og stolt sjøfartsnasjon med klima- og miljøvennlege skip. Det skal vere vårt kjennemerke, avslutta ministeren.

– Store moglegheiter

I eit innslag frå Kleven-verftet i Ulsteinvik deltok Olympic Subsea-sjef Stig Remøy, kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk frå Kongsberg Maritime og Green Yard Kleven-sjef Kjetil Bollestad (startar ca. 30 min. ut i opptaket, journ. anm.)
Gjennomgangsmelodien var at bransjerepresentantane var godt nøgd med meldinga, og at dei opplever at regjeringa har sett seg inn i kva utfordringar næringa har.
– Det er store moglegheiter i det skiftet som skjer i verda, og dei må vi gripe, sa Stig Remøy til Arnfinn Ingjerd frå Maritim Forum Nordvest, som leia sendinga frå Ulsteinvik.
Herøy-reiaren letta også på sløret om arbeidet med å opprette eit .

Les også:


Krav om digitalisering?

Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk frå Kongsberg Maritime meiner meldinga peiker i rett retning, men også ho la vekt på at det no var tid for å finne fram dei konkrete tiltaka.
– Når det gjelder digitalisering, så står det en del om sikkerheit og reguleringar som er bra, men her kunne vi tenke oss eit sterkare marknadsperspektiv, og her kjem verkemiddelapparatet inn. Kanskje treng vi å få inn digitalisering som eit krav, til dømes i Enova-prosjekt. For her går miljø og digitalisering hand i hand, meiner Wollebæk.
Ho meiner at satsinga på kompetanse og forsking også borgar bra for bransjen.
Regjeringa har også varsla utsleppskutt for fleire typer fartøy i meldinga. Tysdag fortalde Nybø at regjeringa ville gjere ein studie av økonomien i verfta, og komme tilbake med eventuelle tiltak.

Les også:



Publisert: 08.12.2020 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07