Sjefskifte i Leroey Havfisk
SKIFTE: Webjørn Barstad (t.v.) og Eldar Farstad har arbeidd saman i Lerøy Havfisk sidan 2015. No blir Farstad ny sjef for fiskebåtreiarlaget, medan Barstad skal styre flåten til krillfiskeselskapet Aker Biomarine.
Nytt

Sjefskifte i Lerøy Havfisk

Webjørn Barstad går til Aker Biomarine, Eldar Farstad blir ny Havfisk-sjef.

03.11.2020
Barstad har hatt toppsjef-jobben i Lerøy Havfisk i Ålesund sidan 1. januar 2015. Då han byrja var Havfisk eit børsnotert selskap, med Kjell Inge Røkke-dominerte Aker som største aksjonær.
Sommaren 2016 selde Røkke aksjane sine til Lerøy Seafood Group, som i løpet av 2016 fekk full kontroll, tok fiskebåtreiarlaget av børs og gjorde det til eit heileigd datterselskap i Lerøy Seafood Group.

No går Barstad til ein anna børsnotert Røkke-dominert selskap, Aker Biomarine.

Sjef på havet

I Aker Biomarine får Barstad ansvaret for flåten som fiskar krill i Sydishavet, tre krillfiskefartøy og eit transportskip. Han blir også ein del av konsernleiinga, og skal arbeide både frå Ålesund og Oslo.
- Eg har fått muligheten til å jobbe med det mest spennande, råaste fiskeriet på kloden, seier Webjørn Barstad.

Comeback i sjefsstolen

Eldar Farstad blei finansdirektør i Lerøy Havfisk i 2011. No er han ny toppsjef i Lerøy Havfisk.
Det er ein jobb han allereie erfaring frå. Etter at Olav Holst-Dyrnes slutta i Havfisk for å bli toppsjef i Ekornes i 2014, var Farstad konstituert konsernsjef inntil Barstad blei tilsett.
- Havfisk er eit fantastisk flott selskap, eg har jobbar her i mange år og kjenner det godt, og eg seg store moglegheiter framover, seier Farstad .
Etter at Lerøy Seafood Group tok over eigarskapen fekk Barstad ansvaret for både Lerøy Havfisk og søsterselskapet - fiskeindustriselskapet Lerøy Norway Seafoods.
No blir leiinga av dei to selskap delt, med Farstad som sjef for fiskebåtreiarlaget og Børge Soleng som sjef i Lerøy Norway Seafood, med kontor i Tromsø.

Publisert: 03.11.2020 08:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04