No er det klart kor mykje kommunar og fylkeskommunar over heile landet får utbetalt frå Havbruksfondet i år. Samla sett får kommunane kring 78 millionar kroner - om lag ein tredel av fjorårets rekordutbetaling.
Nye oppdrettskonsesjoner frå staten blir berre seld annakvart år. Difor svingar også utbetalingane frå fondet i ei to-årssyklus, med toppår når inntekter frå sal av konsesjonar skal fordelast.
I fjor var det eit slikt toppår - medan det i år ikkje er selt konsesjonar. Det betyr mindre pengar i kommunekassene rundt om i landet.
(sjå kommuneoversikt under saka)
143 kommunar og åtte fylkeskommunar får sin del av utbetalingane innan kort tid.
– Dette betyr mykje for kysten. Gjennom Havbruksfondet sikrar vi at lokalsamfunn som stiller sjøareal til rådvelde for oppdrett for ta del i verdiskapinga. Pengane gir kommunane større handlingsrom til å investere i velferdstenester og lokal utvikling, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.
Havbruksfondet fordeler kommunar og fylkeskommunar sine andelar av inntektene frå oppdrettsnæringa. Havbruksfondet går inntekter frå sal av ny løyvekapasitet til oppdrett, pluss frå produksjonsavgifta på oppdrett av laks.
I år blir det utbetalt kring 1,4 milliardar, og til saman blir det utbetalt over 6,1 milliardar i 2024 og 2025.
| UTBETALING FRÅ HAVBRUKSFONDET | ||
| Tal i mill. Kroner | ||
| Kommune | 2025 | 2024 |
| KINN | 17,7 | 75,3 |
| HARAM | 10,4 | 22,8 |
| MOLDE | 8,9 | 20,7 |
| STAD | 8,8 | 16,3 |
| VESTNES | 3,3 | 14,2 |
| ØRSTA | 8,2 | 13,4 |
| VOLDA | 3 | 12,6 |
| VANYLVEN | 2,6 | 11,1 |
| FJORD | 1,5 | 6,3 |
| STRANDA | 1,5 | 6,3 |
| SANDE | 1,4 | 5,8 |
| GISKE | 5 | 5,6 |
| RAUMA | 1,3 | 5,5 |
| ÅLESUND | 1,2 | 5,2 |
| HERØY | 1 | 4,2 |
| GLOPPEN | 0,9 | 3,9 |
| SYKKYLVEN | 0,7 | 3,2 |
| ULSTEIN | 0,6 | 2,4 |
| MØRE OG ROMSDAL FYLKE | 23,7 | 78,0 |
Publisert: 10.11.2025 15:40
Sist oppdatert: 10.11.2025 15:40






