Nytt
Sjokolademakar mest populær i Geiranger
– Heilt fantastisk! Då har vi lukkast, seier Bengt Dahlberg i Geiranger Sjokolade. Han lokkar til seg fleire av cruiseturistane enn Ørnesvingen og Geirangerfossen.
Marius Rosbach
19.12.2019
Innovasjon Norge la som er gjort om cruiseturisme er til lands. Fleire enn 3000 turistar er i sommar stilt ein rekke spørsmål – mellom anna kva for lokale attraksjonar dei besøker ved cruisehamnene langs kysten.
– Kor herleg! Det låtar jo heilt fantastisk! Då har vi lukkast, seier dagleg leiar Bengt Dahlberg til NETT NO då han får høyre statistikken.
35 prosent av dei spurte hadde besøkt butikken til sjokolademakaren. På dei neste plassane kjem Geirangerfossen og utsiktspunktet Ørnesvingen. Der hadde 33 og 31 prosent vore innom (sjå fleire tal i illustrasjonen under).
– Neste år har vi ti-årsjubileum og vi har merka at det blir meir å gjere. Ved turistinformasjonen får dei stadig fleire spørsmål om kvar vi er, så det er tydeleg at folk veit om oss før dei kjem, seier han.
Eit av hovudfunna i rapporten er at dei cruisereisande blir yngre. Også det kan Dahlberg stadfeste:
– Det er absolutt ikkje berre tanter med blått hår som reiser på cruise, slik klisjeen seier. Det er ein veldig miks av ulike folk, seier han.
Trass suksessen er han spent på korleis besøket til verdsarvbygda blir i åra framover med strengare utsleppsreguleringar for cruisefarten: – Vi er litt utrolege med tanke på dette dilemmaet vi står i. Utan cruiseturismen så hadde vi ikkje eksistert, seier han og viser til at dei no driv heile året og har tre tilsette på heiltid.
På dei neste plassane kjem Trollstigen og Sunnmøre Museum med 34 og 19 prosent.
NETT NO omtala tidlegare onsdag at Ålesund også er . På den statistikken scora Geiranger lågt.
Forfattarane påpeiker at enkel tilkomst for turistane gjer at fleire besøker attraksjonane.
– Heilt fantastisk
Verdsarvdestinasjonen Geiranger marknadsførast i første rekke med vill og vakker natur – men det er den lokale sjokoladeprodusenten Geiranger Sjokolade som står øvst lista over kva lokale attraksjonen flest besøker.– Kor herleg! Det låtar jo heilt fantastisk! Då har vi lukkast, seier dagleg leiar Bengt Dahlberg til NETT NO då han får høyre statistikken.
35 prosent av dei spurte hadde besøkt butikken til sjokolademakaren. På dei neste plassane kjem Geirangerfossen og utsiktspunktet Ørnesvingen. Der hadde 33 og 31 prosent vore innom (sjå fleire tal i illustrasjonen under).
Les også:
– Folk veit om oss før dei kjem
Dahlberg fortel at dei har merka god auke dei siste åra. Omsetninga for Geiranger-butikken enda i år opp på same nivå som 2018 – som var eit rekordår så langt.– Neste år har vi ti-årsjubileum og vi har merka at det blir meir å gjere. Ved turistinformasjonen får dei stadig fleire spørsmål om kvar vi er, så det er tydeleg at folk veit om oss før dei kjem, seier han.
Eit av hovudfunna i rapporten er at dei cruisereisande blir yngre. Også det kan Dahlberg stadfeste:
– Det er absolutt ikkje berre tanter med blått hår som reiser på cruise, slik klisjeen seier. Det er ein veldig miks av ulike folk, seier han.
Trass suksessen er han spent på korleis besøket til verdsarvbygda blir i åra framover med strengare utsleppsreguleringar for cruisefarten: – Vi er litt utrolege med tanke på dette dilemmaet vi står i. Utan cruiseturismen så hadde vi ikkje eksistert, seier han og viser til at dei no driv heile året og har tre tilsette på heiltid.
Fjellstua på topp i Ålesund
I Ålesund troner Fjellstua suverent på topp over dei mest besøkte attraksjonane. Heile 70 prosent av turistane som blei spurt, hadde vore her.På dei neste plassane kjem Trollstigen og Sunnmøre Museum med 34 og 19 prosent.
NETT NO omtala tidlegare onsdag at Ålesund også er . På den statistikken scora Geiranger lågt.
Kyrkje og Nordkapp mest populært
Av alle attraksjonane langs kysten er det Nidarosdomen som kjem høgst opp, tett følgt av Nordkappplatået og Hammerfest kyrkje (sjå fleire tal i illustrasjon til høgre).Forfattarane påpeiker at enkel tilkomst for turistane gjer at fleire besøker attraksjonane.
Les også:
Ved turistinformasjonen får dei stadig fleire spørsmål om kvar vi er, så det er tydeleg at folk veit om oss før dei kjem
Publisert: 19.12.2019 13:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48